Randi

Andre namnLeinø (1931)
Eigar1914 P/R Thorvald Voldsund, Peder E. Voldsund, Karl O. Nærø, Ivar P. Leine og Petter Sundnes.
1923 Herø og Leikanger Sparebank
1923 Jens Hansen, Fosnavåg
1925 Håkon og Petter Pettersen, Fosnavåg
1928 Jens Hansen, Fosnavåg
1931 Andreas Klungsør m.fl., Tjørvåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 98 HØ
HeimehamnFosnavåg - Tjørvåg
ByggeverftAndreas Svoldals båtbyggeri, Ænes i Sunnhordaland
Byggeår1914
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår53,9 fot
Mål i lengde etter ombygging65,9 fot
Mål i breidde, byggeår16,8 fot
Mål i breidde etter ombygging17,9 fot
Mål i djupne, byggeår7 fot
Mål i djupne etter ombygging7,6 fot
Tonnasje30,48 brt
52,37 brt
Maskin, orginaltAlpha 28 hk
Maskin, ny1932 Bolinder (frå 1924) 50 hk
SkipperarJohan Sandvik
Ombyggingar Verft1932 ombygd ved Smedvik MV, mellom anna ny motor.
1933 påsett ishud, ombygd for selfangst.
Tidlegare namn"Leinø"
ForlistForliste i Stretet 11. juli 1935
Utfyllande opplysningar

Skiftar namn til “Randi” ved ny eigar i 1931. Ombygd for selfangst i 1933, og dette er også første året på selfangst.

Men det skulle verte berre tre turar på selfangst for “Randi”. Sommaren 1935 er den på selfangst i danskestredet. Veret er dårleg med mykje is. 11. juli er det storm og “Randi” ligg fast i isen. I stormen vert skuta ført hjelpeslaus mellom isflaka av stormen, vestover mot to store isfjell. Men rett før dei kjem dit, skruar isen brått hardt til, og skuta vert pressa opp på isen kolvar over på styrbord side. Mannskapet må hoppe ned på isen. Etter kort tid driv isen med skuta opp på forbi hjørnet av eine isfjellet. Isen slaknar litt og skuta sig av og riser seg på nytt på rett kjøl. Nokre av mannskapet kjem seg ombord att, medan resten vert ført i stor fart på isen ut mot råka. Folka på isflaket vert etter ei tid plukka opp av “Selis” som fører dei tilbake til “Randi”. Dei prøver å halde skuta lens, men skadene er for store og vatnet stig i maskinromet. Ikkje lenge etter må mannskapet forlate skuta, og med hjelp frå mannskapet på “Selis” vert dei berga ombord der. Men “Selis” er også i vanskar og vert teken av isen og vert ført vestover rett forbi vraket av “Randi” som ligg med eine rekkja over vatnet.

“Selis” kjem seg velberga ut av isen og havaristane vert førte over til “Vestad” som frakta dei til Isafjord. “Randi” forliste i posisjon 66.15 nord og 34.00 vest.