Rap

Eigar1894 Rasmus J. Brandal og Peter Bøe
1911 Rasmus J. Brandal
HeimehamnBrandal
ByggeverftBygd i fjøra på Brandal av Samson Vestnes
Byggeår1894
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår53,8 fot
Mål i lengde etter ombygging69 fot 1911
Mål i breidde, byggeår17,1 fot
Mål i breidde etter ombygging18,2 fot 1911
Mål i djupne, byggeår6,2 fot
Mål i djupne etter ombygging6,9 fot 1911
Tonnasje28,29 brt 1894
56,20 brt 1911 etter ombyggingar
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1911 innsett dampmaskin, 50 hk
SkipperarPetter Bøe (1903)
Ole O. Eiken (Eriksen?) (1913)
Rasmus Brandal (1905-1912)
Johan H. Brandal (ved forliset 1914)
Ombyggingar VerftForlengd i Vestnes, sett inn maskin 1911
Ombygd 1913
ForlistForliste ved Kristiansund 1. januar 1914
Utfyllande opplysningar

Under byjubileet til Ålesund i 1898 deltok 70 båtar av ulike typar i ein seglregatta. “Rap” fekk tredjepremie i klassa for båtar mellom 20-30 bruttotonn.

I oktober 1899 skriv Søndmørsposten om ein fæl storm som hadde herja på Hareid. Her vert det fortalt at dei to kutterane “Rap” og “Brødrene” sleit seg og kom i drift. “Rap” grunnstøytte på Overåfludene og sokk. “Brødrene” stranda på Overåneset og fekk stor skade. Kor store skadene etter forliset på Overåfludene vart er ukjent, men “Rap” vart heva og reparert og var med i torskefiske i januar 1900.

I 1902 går “Rap” på laksefiske ved Svalbard med 7 mann. Det var hellerl lite laks. Derimot blei det fangsta ein del sel ved Sydkapp. Det blei også skote ein del reinsdyr. Dei sanka også ein del kol i sekkar som dei plukka ved Hotellneset. Om hausten gjekk “Rap” på sildefiske ved Island.

I 1905 er “Rap” i Vesterisen saman med andre Brandalskuter. “Union”, “Avanse” og “Gunhild”.

I 1907  “Rap” var på fangst i Vesterisen og kom heim med 1 narrkval, 300 ungsel, 150 vaksne sel, 1 levandeog 9 døde isbjørn og 45 tønner spekk.

I 1910 er “Rap” på ishavet med Rasmus J. Brandal som skipper. Gjekk ut frå Ålesund 1. april og er komne i isen 16. Stormfull tur, men dei fangsta  830 sel. I august gjekk turen til sildefiske ved Island.

Forliste 1. januar 1914 i ein stor storm under sildefiske på Nordmørskysten. Det var mange båtar i vanskar i denne stormen og fleire forliste. Blant desse “Rap” og “Isspurven” frå Brandal.  Ut på ettermiddagen 30. desember låg “Rap” og drog sildegarna dei hadde ute. Grunna stormen gjekk dette tregt og dei heldt på til over midnatt. Nyttåraftan låg dei på veret, men første nyttårsdag løya vinden av og snudde på vest. Om kvelden var dei komne tett under Grip og kursa i leia nord for Hilbåen. Tvers av Grip fekk “Rap” en stor sjø som fylte båten og vasa saman garna og riggtau, slik at dei hadde vanskar med å få ned storseglet då vinden brått auka kraftig. På grunn av kraftig snøkave var det uråd og orientere seg, og då dei skulle svinge for å gå klar Hilbåen, gjekk båten rett i bråta. Den kraftige sjøen kasta “Rap” over grunna og inn på djupare vatn der båten sokk under føtene på mannskapet i løpet av få minutt. Det var uråd å sette ut båt, og heile mannskapet hamna i sjøen. Johannes R. Brandal, Ivar R. Brandal og Olav O. Brandal, Petter Langva, Josef G. Sundgot og Kristian H. Botnen omkom ved forliset.

Johannes H. Brandal, Rasmus Eiken, Andreas Eiken, Andreas H. Saunes og Andreas Riste overlevde forliset og berga seg opp på ein holme og oppheldt seg der i over eit døgn i våte klede og utan mat. Det var folk på land som var ute å sanka drivved som oppdaga dei. Då meldinga om forliset nådde Brandal gjekk Sigvald S. Brandal med skuta “Brandal” nordover for å hente folket.