Rolf

Andre namnPolen (1912) - Istind (1944)
Eigar1894 Kolbein Kvitnes, Brandal
1912/13 Kolbein Kvitnes og Johan Kvitnes, Brandal
1915 H. Koppernæs, Ålesund
1917 P/R M. Aanstad, Ibestad, S. Solberg, Tennevold, R. Eide, Harstad
1919 A/S Sild og Sæl, Harstad
19?? Ibestad Sparebank
1923 Lars B. Olsen, Finnsnes
1941 Dmitri Figenschow, Torsvåg
1944 Halvor Bartholdsen, Talvik
Fartytypekutter
Reg. merkeT 33 H (1920)
T 81 LK (1923)
T 16 HG (1941)
HeimehamnBrandal - Ålesund - Harstad - Lenvik - Helgøy
ByggeverftMyre i Rosendal
Byggeår1894
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår53,8 fot
Mål i breidde, byggeår17 fot
Mål i djupne, byggeår7,1 fot
Tonnasje29,89 brt
33,92 brt
34,22 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1912 Grei 28 hk - 1919 Bolinder 40 hk
SkipperarKolbein Kvitnes (1905-1909)
Johan Kvitnes (1910-1915)
Jørgen Eksund
Johan Nilsen
Hansen (1916)
Ombyggingar Verft1905 ombygd
ForlistForliste 27. november 1945 ved Grøtnes i Hammerfest
Utfyllande opplysningar

Brukt under evakueringa av Finnmark i 1944.

«Polen» ex «Rolf».

 «Rolf» var bygd i tre på Myre i Rosendal i 1894. Nybygget var 53,7 fot lang, 16,7 fot breid og 6,4 djup.

 Det var Kolbein Kvitnes,Brandal, som fikk bygd denne skuta. Kolbein hadde i lag med mange andre frå Hareid eigd båten «Nordeggen» som var bygd i Ålesund i 1879. Drifta gjekk dårleg og «Nordeggen» vart snart seld til Emil Rasmussen i Ålesund. Kolbein arbeidde seg oppatt og fikk bygd seg eigen båt «Rolf» i 1894. Lån til nybygget fikk han av Havfiskefondet. Kolbein dreiv bankfiske med denne båten.

I 1905 vart båten påbygd i høgda, og etter dette starta han og drive ishavet som seglfarty frå 1906. Den fekk rundt årsskifte 1912/13 innsatt ein Grei-motor, og «Rolf» bytte no namn til «Polen» På dette tidspunkt var det Kolbein og sonen Johan K. Kvitnes som åtte båten med kvar sin halvpart. Hans Koppernæs i Ålesund var korresponderande reiar. I 1915 får Koppernæs skøyte på skuta fro kr. 25.000,- Siste turen «Polen» er på selfangst frå Sunnmøre er i 1916. I 1917 blir båten solgt til Ibestad. Den fekk ei tid etter innsatt ein 40 hk Bolinder. I 1944 blir får båten nye eigarar i Finnmark, og skifta namn til «Istind». Den vart mellom anna benytta til evakueringa av Finnmark.

  1. november 1945 enda båten sine dagar og sokk eit stykke innanfor Hammerfest.