Sælfangeren

Eigar1916 Mikal Knutsen og Johan Thorvik, Ålesund
1925 Johan Torvik, Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 142 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftKnut Skaaluren, Rosendal
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår92,2 fot
Mål i lengde etter ombygging99 fot
Mål i breidde, byggeår21,6 fot
Mål i djupne, byggeår9,7 fot
Tonnasje111 brt
113 brt
Maskin, orginaltAalesunds MV 2 syl. comp. 113 hk
SkipperarJohan Torvik (1920-1923)
ForlistForliste 29. mars 1927 ved Kap Kanin
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1917. “Sælfangeren” var ei stor og moderne skute då den var bygd.

I 1927 får dei problem under fangst i Kvitsjøen den 28. mars, dei ligg nær Kapp Kanin og avstanden til land er omlag 15 kvartmil. Veret er fint og stille og ingen dønning. Skuta låg i tett is. Men natt til den 29. mars byrjar isen brått og skrue.

Isen tårnar seg opp og pressar mot skuta frå alle kantar. Etter kort tid trykker isen hol i styrbord side og sjøen fossa inn.

Begge maskinlenser vert sette i gang og fungerer fint, men isen held fram å skru og lekkasjen vert større. Brått så brotnar heile styrbordsiden. Dei innser at skuta er tapt og set to fangstbåtar på isen. Folka får med seg litt mat, men dei rekk ikkje å hente personlege eigedelar og forlot skuta med dei kleda dei hadde på. Klokka 2 på natta sokk “Sælfangeren” med fangsten på 2500 sel, berre 45 minutt etter at skruinga starta. Mannskapet satsa no på å ta seg fram til “Buskø” som også låg faste i isen. Dei drog med seg eine båten, men gav han snart opp og fortsette utan. Etter ein strevsam tur på gode 7 timar kom dei fram til “Buskø” som kom seg laus eit par dagar seinare. Mannskapet på “Sælfangeren” vart der ombord til dei kom heim.