Saudehorn
Andre namn | "Selseth" 1914 - "Forpp" 1921 |
Eigar | 1914 Peder Røch og Lovin Karlsen, Ibestad, Troms 1917 Asbjørn Svendsen, Ørsta 1921 P/R Johan Heitmann, Sverre Hind, Arthur Hind, Petter Killi, Edvin Toresen og Jakob Jensvold |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | T 34 D |
Heimehamn | Ibestad - Ørsta - Dyrøy |
Byggeverft | Nils Skandfer, Kulstadsjøen, Vefsn |
Byggeår | 1914 |
Byggematerial | tre |
Mål i lengde, byggeår | 46,9 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 61,9 fot |
Mål i breidde, byggeår | 16,6 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 17,4 fot |
Mål i djupne, byggeår | 6,7 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 6,4 fot |
Tonnasje | 29,5 brt 1914 41,62 brt 1917 52,99 brt 1921 |
Maskin, orginalt | 30 hk |
Maskin, ny | 80-100 hk Bolinder 1917 |
Ombyggingar Verft | 1917 Forlengd og ombygd i Harstad 1921 Påbygd i høgda |
Tidlegare namn | "Selseth" |
Forlist | Forlist 3. juli 1925 ved Hermansenøya, Svalbard |
Utfyllande opplysningar | Skuta fekk namnet «Selseth» då ho var bygd, og fekk namnet frå heimstaden til reiarane. Då den kom til Ørsta endra den namn til «Saudehorn» etter eit fjell i Ørsta kommune. I 1921 kjem skuta til Dyrøy og endrar namn til «Forpp», og det er under dette namnet skuta forliser 3. kuli 1925. «Forpp» hadde vore både i Nordisen og Vesterisen. 3. juli er skuta på veg gjennom Forlandssundet på veg frå Ny-Ålesund til Green Harbour for å bunkre. Dei skulle vidare inn til Hermansenøya for å sanke egg og dun. Dei gjekk med sakte fart då dei omlag 400 meter frå land trefte på ei grunne som ikkje var avmerka på kartet. Det var noko sjø, og for kvar ny båre vart skuta løfta av berget for så å hogge ned i berg når sjøen drog seg tilbake. Straks etter grunnstøytinga flaut store delar av kjølen opp, og etter berre 5 minutt sto vatnet over maskindørken. Mannskapet på 12 mann gjekk straks i fangstbåtane og rodde til land. Ikkje lenge etter låg «Forpp» på botnen og sjøen stod i høgde med bestikk-vindauga. Ut på natta rigga mannskapet segl på fangstbåtane og kom seg greitt over til Green Harbour. 10 av mannskapet vart seinare med lasteskipet «La France» heim til Dyrøyhamn, medan to av dei vart attende på Svalbard og fekk seg arbeid der. |