Selungen

Eigar1948 P/R M/S Selungen - Ole, Oskar, Jon og Arnulf Sandvik, Tjørvåg
1964 G. C. Rieber & Co. A/S
1964 Brødrene Kløvning P/R Hareid, (Jørgen og Bjarne Kløvning)
1967 Brødrene Kløvning AS, Ålesund (Jørgen, Bjarne og Anders Kløvning)
1971 Bjørnulf Mikalsen, Båtsfjord
1997 Line Kvalsten Jensen, Vardø
1997 Skipstrans A/S Sandefjord/Vardø
2000 Hammerfest Maritime Service
2000 Karens Rorbuer, Komagfjord
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM-351-HØ (1948)
M-36-A (1964)
M-36-HD (1964)
M-36-A (1967)
HeimehamnTjørvåg - Hareid - Ålesund
ByggeverftGrøtvågen Verft, Kyrksæterøra
Byggeår1948
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88,9 fot
Mål i lengde etter ombygging95,8 fot
Mål i breidde, byggeår22,2 fot
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Tonnasje129,53 brt 1948
149,95 brt 1971
Maskin, orginaltWichmann 260 hk
Maskin, ny1954 Wichmann 4 syl. 400 hk
SkipperarOskar Sandvik
Ombyggingar Verft1971 igjenoppbygd etter brann
Utfyllande opplysningar

Skuta vart bygt ved Grøtvågen verft på Kyrksæterøra i Hemne kommune i Sør-Trøndelag og levert i 1948. Skuta var rundt 90 fot, og tingarar var brørne Oskar, Ole, Arnolf og Jon Sandvik i Tjørvåg. I 1964 tilhøyrde skuta ei kortare tid Rieber i Bergen, før brørne Jørgen og Bjarne Kløvning fekk hand om skuta og registrerte henne i Hareid. Fram til 1971 var skuta mest brukt til selfangst og sildefiske. I 1971 vart skuta brannskadd under eit verkstadopphald ved Fiskerstrand MV. Den brannskadde skuta vart selt til Bjørnar Mikalsen i Båtsfjord. Han fekk skuta reparert og ombygt til frakteskute – til frakt av smolt og til utleige til fiskerioppsynet. I 1997 vart skuta selt til ny eigar i Sandefjord, men vart liggande ei tid ved verkstad i Hammerfest. Eigar av Selungen på den tid greidde ikkje å betale for reparasjonen ved verkstaden i Hammerfest. I 2000 tok verkstaden over båten og selde den til foretaket Karens Rorbuer AS i Komagfjord i Alta kommune. Der vart Selungen sett på land og innreidd for servering og overnatting. Ei skisse kan tyde på at ruffen har vorte salong, lasterommet har vorte kafeteria, og akterdelen av skuta har vorte gjesterom for overnatting. Ved båten er det også bygt lavvo og campinghytter, og på sjøsida er det gjestebrygge. I marknadsføringa framhevar Karens Rorbuer AS arktisk lys og klima, sjøsamisk kultur og ishavskultur, blant anna knytt til ishavsskuta Selungen

LitteraturIsflaket