Skansen

Andre namnWilliam Martin 1877
Eigar1877 Engelsk eigar, London
1892 A/S William Martin, Volda (Julius Olsen, Ole Svendsen, Simon Wetterhus, Martin O. Mork, Sivert Feden, Laurits Barstad og Ole Brune.
1899 D. Rødseth, Volda
1900 L. P. Ose m.fl.
1914 Hans Koppernæs
Reg. merkeM 123 A
HeimehamnLondon - Volda - Ålesund
ByggeverftHull
Byggeår1877
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår73,6 fot
Mål i lengde etter ombygging88,8 fot
Mål i breidde, byggeår20,8 fot
Mål i breidde etter ombygging21,4 fot
Mål i djupne, byggeår9,6 fot
Mål i djupne etter ombygging10,2 fot
Tonnasje81 brt
109,64 brt 1915
Maskin, ny1915 Haugesund MV 80 hk
SkipperarJ. Gausdal (1905)
J. Berg (1906-1909)
Benoni Mikalsen
Rasmus Festø (1915-1917)
Rudi (1918-1919)
M. Pedersen (1920)
Nicolaisen (1922-1923)
Martin Berg
Emil Mur Brandal (1930)
Ivar Øveraas (1935)
Ombyggingar VerftOtto Nilssons skipsverft, Sagvåg 1915, ombygd til ishavsskute for selfangst.
Tidlegare namnWilliam Martin
ForlistForliste i Stretet 11. juli 1935
Utfyllande opplysningar

“William Martin” vart kjøpt i London på slutten av 1891, og kjem til Volda i 1892. På veg til Volda går “William Martin” seg på grunn på Hareid i snøtjukka. Etter eit døgn, med god hjelp av folk på Hareid, greier “Laxen” å få skuta av igjen.

Dreiv fangst av bottelnose kvart år frå 1892-1912, før den var på selfangst første gang i 1915 etter ei omfattande ombygging til ishavsskute. Skuta skifte namn til “Skansen”, med namn etter staden der reiaren hadde forretning i Ålesund.

På selfangst i Stetet i juli 1923 får “Skansen” ei større lekkasje i stemnen, og “Hvitehavet” må assistere med slep inn til Reykjavik.

I mai 1929 er “Skansen” på fangst i Kvitesjøen og held lag med “Hvitehavet”, “Istind”, “Ishavet” og “Gungnir”. Då fangsten er avslutta og dei er på veg ut av isen, brotnar maskinakslingen på “Hvitehavet”, og “Skansen” sleper skuta heim.

I 1930 bergar “Skansen” mannskapet på “Kvitis” då dei måtte  forlate skuta 12. april. Meir om dette forliset i Isflaket her: https://www.ishavsmuseet.no/wp-content/uploads/2020/12/isflaket-3-2020.pdf

I 1935 er det “Skansen” sin tur. Skuta er på selfangst og håkjerringsfiske i Stretet. Skipperen fortel i ettertid at verre isforhold har han ikkje prøvd. “Skansen” låg fast i isen og driv mot eit isfjell i austleg storm. 11. juli hadde dei ikkje noko anna val enn å forlate skuta før den vart nedskrua. Mannskapet på “Skansen” tok seg over på “Rundøy”. 3 andre skuter forliste også omlag samstundes.