Soløy
| Eigar | 1945 Olav Hjertaker 1946 Karl Nicolaisen, Tromsø 1951 Sigmund Snarby og Karl Nicolaisen, Tromsøysund 1967 Arvid Salomonsen, Tromsdalen |
| Fartytype | Selfangar |
| Reg. merke | H-30-T (1945) T-30-T (1946) |
| Heimehamn | Tromsø |
| Byggeverft | Bygd av Olav Hjertaker og Samuel Nordahl, Onarheim i Tysnes |
| Byggeår | 1945 |
| Byggematerial | Tre |
| Mål i lengde, byggeår | 50,5 fot |
| Mål i lengde etter ombygging | 59,2 fot 1949 |
| Mål i breidde, byggeår | 15,6 fot |
| Mål i breidde etter ombygging | 17,2 fot 1949 |
| Mål i djupne, byggeår | 6,4 fot |
| Mål i djupne etter ombygging | 7,7 fot 1949 |
| Tonnasje | 24,95 brt 1945 39,32 brt 1949 49,87 brt 1951 |
| Maskin, orginalt | Union 50 hk |
| Maskin, ny | 1951 120 hk Wichmann |
| Skipperar | Arvid Salomonsen, (1957-) |
| Ombyggingar Verft | 1949 forlengd og oppbygd og nytt overbygg ved Aronsens skipsbyggeri, Risøyhamn 1951 nytt egnarhus, ny kahytt og messe |
| Forlist | Forliste 19. juli 1970 på veg til Nordisen |
| Utfyllande opplysningar | «Soløy» er første gang på selfangst i Nordisen i 1946. Det vart ikkje nokon god debut denne første turen, dei kom heim med 94 sel og 6 isbjørn, derav 2 levande. I 1947 skulle det gå langt betre og dei leverte då 2170 sel etter fangsten i Nordisen. I 1949 vert «Soløy» forlenga, oppbygd og får nytt overbygg ved Aronsens skipsbyggeri. Etter denne ombygginga skiftar skuta namn til «Tåkeheimen». Men etter kort tid vert dette namnet endra til «Polarheimen».
I 1954 er det «Polarheimen» som kjem til og assistera då «Forland» er ute for eit liknande havari i Nordisen. Både i 1957 og 1965 vert «Polarheimen» arrestert av russerane som meina at dei har fanga innanfor grensa. Begge gongar vert dei slepte fri etter kort tid, men i lagde til dels store bøter. Under overseglinga til Nordisen i 1970 oppdaga dei på Tromsøflaket, den 19. juli, at det kom vatn inn i mannskapslugaren framme. Alle pumper vert straks sette i gong, men vatnet stig. «Polarheimen» snur, dei har nettopp passert fiskebåten «Alf Bjørnar», og vil prøve å kome seg fram til denne. Dei greidde ikkje å finne kvar lekkasjen var, men dei rekna med den måtte vere forut sidan det ikkje var vatn i maskinromet første tida. «Alf Bjørnar» hadde ikkje lenseutstyr, og klokka 19.00 stoppa maskina på «Polarheimen». 4 mann gjekk i fangstbåt nr. 1 og tok seg over til «Alf Bjørnar. Resten av mannskapet, 3 mann, gjekk frå borde klokka 21. Rett etter la skuta seg over på styrbord og gjekk ned med akterenden først.
|


