Storsælen

Andre namnSangvik II
Eigar1920 Johan G. Olsen, Kristiansand
1920 A/S Sangvik II (Johan G. Olsen, Ole Richard Olsen, Syvert Pedersen, Reinert Andreassen, A. Ekeberg, Andreas Krisiansen, O. Danielsen, Joh. A. Nilsen og Kristian Andreassen)
1924 Bernhard M. Thalberg, Ålesund
1926 Berthe Thalberg
1926 Thomas Schjelderup, Skånland
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 80 A (1924)
N 77 BN (1926)
HeimehamnKristiansand - Ålesund
ByggeverftHøllen Skibsverft A/S, Høllen
Byggeår1920
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår101 fot
Mål i breidde, byggeår25,8 fot
Mål i djupne, byggeår11,4 fot
Tonnasje203,95 brt
219,01 brt etter ombygg 1922
200,71 brt etter ombygg 1924
Maskin, orginaltBolinder 2 syl. 160 bhk
SkipperarOle Hofseide
Ombyggingar Verft1922 vert lukearrangementet endra
1924 vert det sett ishud på skuta
Tidlegare namn"Sangvik II"
ForlistForliste i Kvitsjøen 3. april 1928
Utfyllande opplysningar

3. april 1928 hadde “Storsælen” fanga ei tid, og dei hadde inne 6070 sel. Men dei hadde plass til litt til. “Storsælen” var av dei større skutene og gjekk såleis i front i råka med andre skuter bak. Dei var omlag 8 kvartmil  nordaust av Orlov fyr. Ut på ettermiddagen ville dei prøve å kome gjennom ei isflore der opninga var nokså smal, men skuta vart sitjande fast og brått starta isen og skrue.

Det knaka hardt i babord side og skutesida byrja å gje etter.

Skruinga varte omlag 15 minutt. Då stabiliserte det seg noko. 2. maskinisten vart send på dekk for å tine dynamitt slik at dei kunne bruke for å skyte isen som pressa på skuta. Men før dynamitten var tina skrua isen meir til. No vart heile babord side pressa inn så skandekket opna seg og rekkja datt ut. Alle pumper vart sett i gang, men innstrøyminga av vatn var for stor. I løpet av få minutt var skuta full av vatn og maskinen stogga. Skuta vart halden oppe av ispresse ei tid, og dei lukkast med å berge 300 sel, tre fangstbåtar og seks gevær. Tre timar seinare sokk “Storsælen”.

Etter forliset vart mannskapet teke opp av “Blue Jacket”