Uda

Eigar1913 A/S Uda, Florvåg på Askøy (Ole M. Karlsen, Florvåg, Carl J. Asbjørnsen, Florvåg, Andreas Røren, Brandal, Ingolf Rieck, Bergen, Santos Dnielsen og Jan Danielsen.
1915 Benjamin Henriksen, Ålesund
1919 A/S Fangstrederiet Uda, Bergen (Andreas Bragstad, Eilif Frøland, Chr. Campell Andersen, Chr. Ameln, Erling Ræstad, Harald Henriksen, R.A Henriksen og Ludv. Kjær & Co.
1921 Benjamin Henriksen, Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 182 A
HeimehamnBergen - Ålesund
ByggeverftKnut Skaaluren, Rosendal
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår92,5 fot
Mål i lengde etter ombygging95 fot
Mål i breidde, byggeår21,7 fot
Mål i djupne, byggeår9,4 fot
Tonnasje112 brt
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen 70 ihk 1902 mod
Maskin, ny1915 Bergens MV 2 syl. comp. 106 ihk
SkipperarAndreas Røren (1913)
Ludvig Hildre
Knut Nakken (1914-1915)
J. Sulebust (1916-1918)
Johan Kvitnes (1919)
Remmen (1920)
Bertel Landmark (1922)
Ombyggingar VerftOmbygd og ny maskin i 1915 etter at den gamle propellakslingen vart øydelagd i isen.
ForlistForliste ved isskruing i Vestisen 23. april 1923
Utfyllande opplysningar

Første gang på ishavet i 1913.

6. april 1923 under fangst i Vesterisen merka mannskapet ei stor lekkasje i akterenden. Men dei klarte å halde skuta lens med pumpene. Dei komande dagane auka lekasjen, men dei fortsette likevel fangstinga og pumpa på tørn. 18. april vart lekkasjen så dramatisk at dei måtte slutte av fangstinga. Om morgonen 22. april auka lekkasjen enno meir. “Flemsøy” låg i nærleiken og vart no tilkalla. Dei ville freiste å tette lekkasjen. I tillegg til lekkasjen akterut hadde skuta no også byrja å leke i baugen. Dette auka på så dei klarte ikkje å halde den lens med pumpene. Folka frå “Flemsøy” som var ombord i “Uda” for å hjelpe til, meninte no at det var uforsvaleg å opphalde sg ombord lenger. Det vart kalla inn til skipsråd ombord i “Uda” “…det falt da enstemmig den beslutning, at ingen vilde løbe den risiko at følge skibet hjem”. Mannskapet på “Uda” forlet havaristen og tok seg ombord i Flemsøy”. “Uda” gikk ned 23. april.