Union

Eigar1893 Hans W. Friis, Ålesund
1896 Ingebrigt Valderhaug
1903 Ole S. Brandal, Brandal
Fartytypekutter
HeimehamnÅlesund - Brandal
ByggeverftLars Hammerås, Steinvågen, Ålesund
Byggeår1883
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår64,6 fot
Mål i lengde etter ombygging84,4 fot
Mål i breidde, byggeår19,3 fot
Mål i breidde etter ombygging20,2 fot
Mål i djupne, byggeår7,9 fot
Tonnasje47 brt
74,6 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1908 Damp, 45 ihk
SkipperarAnders O. Lillebø (1907)
Ole S. Brandal (1903-1906 og 1908-1911, forlis)
Ombyggingar Verft1908 ombygd og forlengd, innsett dampmaskin
ForlistForliste i Danskestredet 4. juli 1911
Utfyllande opplysningar

Bygd for fiske i 1883. Første gong på ishavet i 1903 då dei kom heim med ein fangst beståande av 1150 sel, 40 kvalross og 30 isbjørn, derav var 3 levande isbjørn. Fangsten gjekk føre seg i Grønlandsisen. Attåt selfangsten var skøyta brukt under makrelldorging sommarstid og torskefiske langs kysten vinerstid.

Ombygd, forlengd og innsett dampmaskin i 1908. Då «Union» kom heim frå fangst dette året hadde dei ein fangst med 650 sel, 200 fat spekk og 3 levande isbjørn. Ein av isbjørnane rømde ved å bryte seg ut av buret og hoppe i sjøen. Bjørnane vart seinare selde til København.

Under fangst i Stretet i 1911 forliser «Union». Dei låg inne i isen saman med «Brandal» og «Helga». 2. juli auka vinden frå aust, men isen var framleis slakk. Mandag 3. juli dreia vinden meir nordlig og isen byrja å sette saman. Akterenden på «Union» vart skrua opp på ein isodde og skuta byrja å ta inn vatn. Mannskapa på «Union» og «Brandal» lukkast med å få «Union» av og skuta vart nesten tett. Men seint på kvelden den 3. juli kom ein stor is i stor fart og slo hol i akterenden på «Union». Det nytta ikkje å halde den lens med pumpene. På kort tid var kahytt og maskinrom halvfulle av vatn. Tysdag 4. juli vart fangstbåtane med proviant sette på isen, skuta flaut framleis på tankane og fata inntil om kvelden då skuta brått sokk i posisjon 65,13 nordleg breidde og 34,39 vestleg. Mannskapet på «Union» gjekk over til «Brandal» som også låg faste i isen. «Brandal» vart også skrua opp og ein var ei periode usikker på om også ho ville bli knust av isen. Dei gjorde seg klare til å forlate den nye skuta som var på sin første fangsttur, men dei greidde seg. Det vart lagt ned ein stor innsats frå begge mannskapa for å fendre ho av for iskreftene. «Helga» som låg litt lenger inne i isen vart også skrua ned og også dette mannskapet vart tekne ombord i «Brandal».