Vaar

Eigar1913 A. Gjørven, Ålesund
1925 Aalesunds Kreditbank
1926 Arthur Fr. Holck, Ålesund
1927 Lyder og Karl Kvellestad, Vevring
1931 Harald Hansen, Helvik i Vanse
FartytypeSelfangar - frakteskute
Reg. merkeM 78 A (1920)
SF 113 K (1927)
VA 63 L (1931)
HeimehamnÅlesund - Lista
ByggeverftLars Skaale, Rosendal
Byggeår1913
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår69,3 fot
Mål i lengde etter ombygging82,8 fot
Mål i breidde, byggeår19,5 fot
Mål i breidde etter ombygging19,6 fot
Mål i djupne, byggeår8,5 fot
Mål i djupne etter ombygging7,7
Tonnasje71,9 brt
86,33 brt etter ombygging
Maskin, orginaltDamp 72 hk, bygd i Horten 1897 og tidligare stått i "Storsilden"
Maskin, nyWichmann 40 hk, 1927
SkipperarKarl Jørgensen (1913-1915)
Hans Dimmen (1913 og 1916)
Carl Slinning (1918-1920)
M. K. Eide (1921)
Solevåg (1922)
Ombyggingar Verft1917 forlengd i Romsdal, ved Kristen Salthammer i Vestnes.
ForlistForliste 7. november 1945 ved Lista
Utfyllande opplysningar

Som ei av dei fyrste skutene fekk dei innstalert oljefyring i 1920. På veg heim frå fangstfeltet i 1920 kom dei ut for eit overhendig uver, det var ikkje råd å bakke, så dei måtte lense unna. Sjøen slo inn skansekledninga på styrbord side og dei mista stagfokka. Først ville dei ta seg inn til Island, men i uveret våga dei ikkje kurse mot land. Dei heldt difor unna i retning Shetland. 3. påskedag reiv ein brottsjø med seg ein davit og ein fangstbåt. Ein annan sjø knuste kappa og fylte kahytta. Torsdag etter påske var det orkan og dei miste storseglet og trehuken, stadig medan kahytta vart fylt med sjø. Dei berga seg gjennom uveret, og skipperen meinte etter på at det var oljen som hadde berga dei. Til saman hadde dei pumpa på havet 15 tonn olje for å dempe sjøen.

Frå 1927 var den berre i bruk som frakteskute og på fiske.

7. november 1945 forliste skuta ved Lista fyr, mannskapet på 3 gjekk i livbåten og kom seg i land.