Vesleper (II)

Andre namnStrandhaug (1917) Egeria (1917) Frettchen (1940-1945)
Eigar1917 Edvard Michaelsen og Knut Aandahl, Kristiansund
1922 Kristiansund Kreditbank
1922 A/S Egeria (A. Grimsmo, T. Pedersen, N. Grefsnes, og O. A. Barman
1928 D/S Furenak A/S (Peder E. Aarseth, Elling Aarseth, Leonhard Birkevold og Elias Nørve)
1936 A/S Polar (Trygve Jervell, Elling Aarseth og Paal Aarseth, Ålesund)
1938 A/S Polar, Ålesund (Otto Jervell)
1952 Per Kvien, Vartdal
Fartytypefiskefarty - selfangar
Reg. merkeM 85 K (1920)
M 25 VD (1928)
M 352 B (1936)
M 9 VD (1952)
HeimehamnKristiansund - Vartdal
ByggeverftBolsønes Skipsbyggeri & mek verksted AS, Molde
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår113,6 fot
Mål i lengde etter ombygging123,5 fot 1934
Mål i breidde, byggeår22,8 fot
Mål i breidde etter ombygging23,1 fot 1934
Mål i djupne, byggeår12,6 fot
Mål i djupne etter ombygging12,9 fot 1934
Tonnasje207,81 brt 1917
222,78 brt 1920
224,93 brt 1928
221,62 brt 1934
297 brt etter ombyggingar
Maskin, orginaltRosenberg MV Triple 280 ihk
Maskin, ny1955 Atlas Polar 4 syl. 2T 500 hk (1932 mod)
Ombyggingar Verft1920 ombygd lugarar akter og nytt lukearrangement
1928 pålagd ishud og ombygd til selfangar
1934 forlengd og ny rana baug
1947 Stor overhaling på skrog og maskin på Bolsønes verft
1954 nedrigga som ishavsskute
Tidlegare namnEgeria
KondemnertKondemnert i 1957 grunna kolfyr,
Utfyllande opplysningar

Bygd som fiskedampbåten “Egeria”. Ombygd til ishavsskute i 1928 og endra namn til “Vesleper”. I 1940 rekvirert av tyskarane og gjeven namnet “Frettchen”. I byrjinga var den med i Hafenschutzflottille Bergen som NB 08, seinare forpostbåt V 5508.

Då skuta vart levert tilbake etter krigen var den i ei elendig forfatning, knapt nok heldt den seg flytande på pumpene. Det var materialmangel etter krigen og skuta var derfor ikkje ferdig reparert før sommaren 1947. “Vesleper” var no mykje oppgradert og ein moderne standar, særskilt på lugarar og bestikk med moderne apparat. Skuta hadde fått nye master av stål, og truleg var skuta den første som hadde telefon frå brua til tønna så skipperen slapp å skrike seg hes under fangst i isen. Fangstbåtane hadde også fått påhengsmotor. Noko som var ei stor nyvinning og sparde fangstfolket for mykje slit i isen.

I 1948 og 1949 var “Vesleper” chartra av danske styresmakte til ulike oppdrag på Grønland.

I 1954 er det slutt for “Vesleper” som selfangar. Etter fangsten i Vesterisen, der den hadde 3300 sel, hadde skuta fått ein del skade, og på veg heim frå feltet fekk dei kraftig lekkasje i baugen. Hjelpeskipet “Norsel” heldt lag med dei på oversiglinga til Noreg. Etter dette vart skuta berre nytta på fiskeri og ishuda vart teken av. “Vesleper” vart siste selfangstskute med dampmaskin. Denne vart bytta året etter då den fekk inn ein 500 hk Atlas Polar.

Ved årsskifte 1957/58 vert “Vesleper” kondemnert. Under opplag i Korshamna i Hjørungavåg sleit den seg og sokk der.