Vestad

Eigar1916 P/R Vestad. Knut J. Vestad, Anders Vestad og Hilmar Vestad, Sekken
1917 A/S Molde Fangst- og fiskeriselskap, Molde (Johan O. Hammerø) kr. 217.700,-
1922 Anders Lillebø og Mikal Marø, Brandal. kr. 60.000,-
1923 A/S Anders Lillebø. Anders Lillebø, Lars O. Lillebø, Mikal Marø, Ole H. Brune og Ola R. Rangseæter
1924 D/S Forland A/S (Elling Aarseth) kr. 100.000,-
1931 Selfangst & Havfiske A/S (Elling Aarseth, Edvard Leira, Peder Andresen og Per Kvien)
1936 Per Kvien, Vartdal
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 1 M (1920)
M 63 HD (1922)
M 16 VD (1924)
HeimehamnMolde - Brandal - Vartdal
ByggeverftNils K. Bolsønes ved Kyrkseterøra
Byggeår1916
Byggematerialtre
Mål i lengde, byggeår87,9 fot
Mål i breidde, byggeår22,5 fot
Mål i djupne, byggeår9,4 fot
Tonnasje106,6 brt
Maskin, orginaltJ. Storvik MV 100 hk (1912 mod)
SkipperarJ. Antonsen (1918)
Knut Nakken (1919)
Mikal Marø (1923-24)
Johan P. Brandal
Per Kvien (1935-1939)
ForlistForliste 20. mars 1939
Utfyllande opplysningar

18 februar 1931 rende “Vestad” i senk fiskebåten “Klar” ved Heissa. Dei prøvde å slepe båten inn på grunnare vatn, men den sokk 10 minutt etter kollisjonen.

Under fangst i Stretet i 1935 vart skutene “Kvitungen”, “Kviting”, “Randi” og “Skansen” skruva ned 9. og 11. juli. Mannskapet på “Kvitungen” berga seg ombord i “Vestad” som gjekk til Isafjord med dei.

“Vestad” forliste i storm på veg til Vestisen i 1939 etter at ein brottsjø hadde slege innover skuta i storm. Dei greidde å halde skuta lens ei periode, men då det lysna av dag og dei fekk sjå skadane innsåg dei at det var meiningslaust å fortsette til Vesterisen. Dei var då i posisjon 70 gr. 30 min nordleg og 2 gr. 30 min austleg lengd. Dei ville gå attende til Noreg, men mannskapet nekta å gå over havet åleine med skuta. Dei kravde å få gå over til “Isflora” som dei hadde lag med på overfarten. Avgjerda vart å ta seg over til “Isflora” medan veret var noko lunde bra. Ein halvtime etter at dei forlet skuta så sokk ho i havet.  Noko seinare kom “Veslekari” og “Buskø” opp til dei og mannskapet på 17 vart fordelt på dei tre skutene. “Fridtjof Nansen” vart send til Vesterisen for å hente mannskapa frå “Vestad”, “Vesterhavet” og “Heimland1” som forliste i same storm. Dei kom til Tromsø 3. april.