Vesteris

Andre namnCastor 1912 - Glønna 1919
Eigar1912 Nils Hansen Sole, Bergen
1916 Tore G., Magnus Sjøflot, Peder Gartle og J. Vaagbø
1919 Christan Jaklen, Bodø og Hans Andreassen, Meløy
1923 Hans A. Vaatvik, Ørnes i Meløy.
1933 Hjalmar Holmboe og Gudleif Holmboe, Tromsø, Ludolf Sheldrup og Thomas Sheldrup, Skånland, og Jens Olsen, Tromsø. Desse eigde 1/5 kvar i skuta.
1937 Schjelderups Selfangstrederi A/S
Reg. merkeT 27 T
HeimehamnTromsø
ByggeverftØvre i Hardanger
Byggeår1912 (?)
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår68,1
Mål i breidde, byggeår19,5
Mål i djupne, byggeår7,8
Tonnasje56 brt
Maskin, nymotor 52 hk
SkipperarLydersen (1931)
Jens Olsen (1934/1936)
Henry Olsen 1937
ForlistForliste i Kvitsjøen 10. mars 1937
Utfyllande opplysningar

I 1935 var «Vesteris» i ein dramatisk situasjon i Vesterisen der den i lag med «Selis», ei skute frå Hammerfest og 7 skuter frå Ålesund/Brandal vart liggande faste i isen i 15 døgn frå 22. mars til 5. april på 72 gr. nord – 12 vest. Det kom til slutt opp spørsmål om å sende ut ein ekspedisjon for og prøve få dei lause, både skuter og fly var nemnd, men før det kom så langt kom alle skuter seg ut av isen på omlag 67 gr. nord, 25 vest. Det var hard skruing i 28 kuldegrader. Dei såg fangst fleire stadar på isen, med skrugardane var så alvorlege at dei ikkje kunne sende folk på isen. Då dei endeleg kom seg laus frå isen fekk dei skade på propellen. Etter ei tid greidde dei å segle inn til Island for ein provisorisk reperasjon på hylse og aksling. Dei gjekk attende til Vesterisen for meir fangst, men etter kort tid auka lekkasjen rundt hylsa på så dei måtte bryte av og få slep til Tromsø med «Isbjørn». 8. mai kom «Vesteris» inn frå Vesterisen med 552 dyr. 1 død isbjørn, 30 sel, 50 kvitungar, 82 klappmyss, 389 blue back og 115 tønner spekk.

I 1937 skrudd ned under fangst i Kvitsjøen 10. mars, mannskapet tok seg inn til ein russisk stasjon.