Det var ishavsskuta «Brattind» av Tromsø, «Videy» fant.

Tverrfagleg samarbeid løyste gåta om vraket på Island. Det var ishavsskuta «Brattind» av Tromsø, «Videy» fant.

– At ein no har funne vraket av ei av 1952- skutene, er kort og godt ein sensasjon, seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak, Webjørn Landmark.

Det var mellom 2. – 6. april i 1952 at fem skuter frå Troms og Sunnmøre forsvann sporlaust under ein orkan i Vesterisen. Frå Troms: «Brattind» med 14 mann, «Ringsel» med 14 mann og «Vårglimt» med 16 mann. Frå Sunnmøre: «Buskø» med 20 mann og «Pels» med 14 mann. Skip og fly leita i lang tid, utan å gjere funn som kunne kaste lys over katastrofen. 71 år etter gjorde den islandske trålaren «Videy» eit vrakfunn. Dette syner seg å vere ishavsskuta «Brattind».

Ishavsskuta Brattind