MENY

ishavsmuseet_aarvak___logo.png

Selfangsthistorie

fangst.jpg

862
Den første ”selfangar” vi kjenner til var høvdingen Ottar som i år 862 fanga sel og hadde med seg som gåve ved eit besøk til England.

1600
På 1600 –tallet hadde nederlendarane stordrift på sel i Nordishavet.

1795
Noreg kom med i selfangsten i 1795 då den første skute gjekk ut frå Hammerfest. Men det vart ikkje noko årviss fangsting før i 1820 åra.

1844
kom Svend Foyn med i selfangsten. Han bygde etterkvart skuta ”Haabet” som langt på veg vart mønsterskuta for seinare skuter.

1890
Nordnorske båtar reiser til Svalbard. 20 – 30.000 sel

1898
Frå Brandal og Sunnmøre var starten i 1898.
”Minna” med skipper og redar Peter S. Brandal utklarerte 29.04.1898.
”Nils Liaaen” eigar P.Th. Sandborg, Ålesund med skipper Severin Brandal utklarerte dagen før. ”Sleipner” eigar og skipper Jonas Fuglevik utklarerte 13.05.1898.

Dei første fangstturane frå Sunnmøre var baserte på røynsler frå fangsfolk i Finnmark. Severin Brandal var drivkrafta for denne første turen. Han var på Finnmarksfiske året før og fekk sjå og høyre frå desse skøytene som hadde vore bort under iskanten og fanga sel. Han var då skipper på ei av skøytene til P.Th. Sandborg. Han kom heim for å sei opp denne jobben og ville reise med eiga skute på fangst året etter. Sandborg overtala han til å utruste ”Nils Liaaen” til denne turen. Peter S. Brandal sin pionerinnsats var at han heldt fram og gjorde dette til ei næring. Dei opparbeidde seg raskt ei ekspertise på dette og frå 1898 vart det kvart år sendt skuter på fangst frå Brandal.

Skøytetida 1898 – 1910
Fiskeskøyter utan isforsterkning og med berre segl som framdrift. Bygde rundt 1890, 50 – 60 fot. Mekanisert framdrift: ”Sleipner” fekk glødekulemotor i 1904. (10 hk Avance). ”Minna”, ”Union” og ”Isrypen” fekk damp i 1908. (Gunhild var siste skute i isen med berre segl i 1914).
Første Grønlandsovervintring i 1908. Men alt i 1900 gjekk dei på land på Grønland og fangsta Moskus.

1908
20 ishavsskuter på 30 – 80 tonn frå Sunnmøre, og dei fleste hadde no maskin i staden for segl.

Spesialbygde skuter frå 1911
80 – 100 fot. Dampdrivne og bygde for ishavsdrifta. ”Jopeter” (namn etter Josefine og Peter S. Brandal) og ”Brandal” i 1911. ”Aarvak” 1912.

Oppgangstid under første verdskrig
Stor trong for fett i dei krigførande landa. Stor byggeaktivitet, ei rekkje kjende skuter bygde desse åra. Somme av dei var i aktivitet til rundt 1980, t.d. ”Signalhorn”, ”Furenak” og ”Aarvak”. Frå ca. 1915 hadde dei fleste skuter dampdrift. Skutene trengde kol, det førte til starten på Kings Bay Kull Comp. I Ny-Ålesund. Første åra var namnet Brandal City etter Peter S. Brandal.
1918 var første fangsttur til Kvitesjøen. ”Helga” – Sigvald Brandal.
1918 – etter 20 år – ca. 75 skuter med rundt 1000 mann deltok

1918
Fleire skuter på selfangst enn nokon sinne. Isforholda var gode, og sunnmøringane tjente gode penger.

1919
Antal fartøyer max, heile 203 skuter på fangst.

1920 talet
Etterkrigskrise. Lita lønsemd, mange konkursar. Få nybygg eller innkjøp. Store forlis år i 1924 og 1928. Ramma særlig Troms men også Sunnmøre.

Forholdet til russarane i Kvitesjøen var vanskelig. Skutene vart oppbrakt av russarane. I 1923 kom Winge-avtalen, først for Winge sine skuter ”Veslekari” og ”Vesleper”. Avtalen vart utvida til å gjelde alle Norske skuter året etter.

Framleis ei rekkje episodar mellom norske skuter og russiske vaktfartøy: beslag i skuter, arrestasjonar av skipperar, og av og til skyting mellom fartøya.

1924
var det 154 skuter frå norge med i selfangsten. I 1939 var talet kome ned i 64.

1928
163.000 sel fanga av sunnmørsskutene.

1930
98.000 sel frå sunnmørsskutene. Vanskelegare tider begynte for næringa
Flåten no var på 150 skuter

1930 talet
Selfangstnæringa var framleis prega av krise og dårlege tider. Men dei vanskelege tidene auka interessa for overvintringsfangst og anna verksemd på Nordaust-Grønland.

Grønlandssaka. Okkupasjon av Nordaust Grønland (Eiriks Raude Land) i 1931 førte til ei politisk – diplomatisk krise mellom Danmark og Noreg. Saka vart avgjort ved dommen i Haag i 1933. Noreg tapte på alle punkt.

Norges Svalbard og Ishavsundersøkelser (NSIU) vart stifta i 1928. Ekspedisjonar til Svalbard, Jan Mayen og Grønland. ”Polarbjørn” (1) og andre sunnmørskskuter var mykje nytta ekspedisjonsfartøy for NSIU.

Louise Boyds private polar og havforsking med ”Veslekari” i 1931, 1933, 1937 og 1938. Boyd var rådgjevar for amerikanske militære styresmakter under andre verdskrig.

1938
Newfoundland.
”Polarbjørn” og ”Polaris” opna den norske fangsten ved Newfoundland i 1938.
Statsgaranti lokka fleire små nordnorske skuter til å delta i 1939. Dei fekk uver på overfarta, og dei tre norlandsskutene ”Isfjell”, Saltdalingen” og ”Nyken” forliser under svært dramatiske forhold.
”Polarstar” siste skute frå Brandal på fangst der i 1982.

Planar om større skuter til Newfoundlandsfangsten vart utsette på grunn av andre verdskrig.

Andre verdskrig
Under krigen var det fangst berre på Newfoundlandsfeltet. Vestisskutene måtte finne seg anna verksemd. ”Arktos” og ”Polaris” gjekk tapt under krigen. ”Polarbjørn” sørgja for at vi kan snakke om 100 år samanhengande selfangst. Elles gjekk ”Polarbjørn” i fraktfart for det amerikanske militæret frå New York til Nordaust Grønland. ”Polarbjørn” fekk tilnamnet ”Skuta som alltid kom fram”. Kristoffer Marø var skipper og fekk namnet ”skipperen som alltid kom fram”. Mange gonger måtte dei to hjelpe større marinefartøy ut av isbaksen.

Etterkrigsåra
Siste året med fangst i Kvitesjøen var i 1939. Fangst vart ikkje teken opp igjen her etter krigen.
Bestanden av sel hadde teke seg kraftig opp i krigsåra. Dette førte til nye oppgangstider i næringa.

Vestis flåten fekk for det meste modernisering og fornying av eldre fartøy. (mange av desse bygde under første verdskrig).

Newfoundlandsflåten. Det kom ein ny generasjon større ishavsfartøy meir innretta på fraktfart og ekspedisjonar som kompliterande aktivitet.

1950
149.000 sel fanga av skuter frå heile landet.

1970
163.000 sel fanga.

1980
60.000 sel fanga

1990
15.000 sel med fire skuter, 2 frå sunnmøre og 2 frå Troms. Med eit så lite resultat er ikkje selfangsten lenger lønsam. For å drive fangst på 1990 talet, vart det gitt statsstøtte.

 

Opningstider

April, Mai, September og Oktober
Frå 23. april kvar dag 12:00 – 16:00
t.o.m. søndag 30. okt.

Juni, Juli & August
Kvar dag 11:00 – 17:00
Inngong Vaksne Kr. 70 / Born Kr. 30


Kontaktinformasjon

Adresse
ISHAVSMUSEET AARVAK
6062 Brandal

Kontakt
Tlf. kontor 70 09 29 00 
Tlf. resepsjon 70 09 20 04
Mob. 951 17 644
post@ishavsmuseet.no

 

Design: Osberget ASPowered by: Osberget CMS