På ishavet med M/S «Søndmøringen».

Reiulf Moltu fortel her om første turen sin på ishavet, og ikkje minst om førebuinga og forholda slik dei var i 1947. Han var då 19 år gamal. Det var vanskelege tider so nær etter krigen, det var mangel på nær sagt alle ting.

   Forholda ombord var mildt sagt spartanske, men forholdet mellom mannskapet var godt.

Skuta var bygd i 1912 ved Gravdal Skipsbyggeri og var då 94 fot lang. Mot slutten av krigen vart skuta bomba av engelske fly då ho låg ved Stord Verft og sokk ved kaia der. Etter krigen vart ho heva og slept til Kyrkjesæterøra for reparasjon. Det var to mann om bord i havaristen under slepet som vart gjort av skuta «Randi». Då dei kom på Stadt var dei to karane fri for proviant. Framfarta var ikkje så stor, syntest dei, men vêret var fint. Dermed heiv dei ut ei jolle, og ein av karane skulle ro for å nå att «Randi», der han skulle få nye forsyningar. Mannen rodde det beste han hadde lært, men han rak lenger og lenger akterut. Til slutt måtte «Randi» slakke ned slik at han nådde dei att. Han fekk sin proviant og rodde fornøgd tilbake til havaristen.

Då skuta var ferdig skrogmessig, vart ho slept til Smedvik mek. Verksted i Tjørvåg. Her monterte dei inn ein brukt, tosylindra Wickmann semidiesel på 175 hk som fekk skuta opp i 6-7 mil. Her venta mannskapet då det no nærma seg avgangsdato for Vesterisen. Utan betaling gjekk mannskapet i gong med snikring av køyer og skap i lugaren forut. Det var ikkje mahogny og teak dei brukte som innreiingsmateriale, det var mest kassefjøler. Dei monterte ein gammal kolomn midt på dørken i lugaren framme. Skuta var enkelt utrusta.

 Til lensing av skuta var der montert ei stor handpumpe i maskinromet. Mannskapet gjekk lensevakter for å halde skuta lens. Roret vart styrt med rorkjetting og «flyndre». På brua var der to ratt, ein mann på kvart ratt fordi det var so tungt. I tillegg svinga ho dårleg. Mannen som hadde fremste rattet ved rorhusruta, tok mot ordre frå skipperen i tønna.

Ho svinga som sagt dårleg, ofte ropte skipperen hardt ror, men dei måtte som regel rope tilbake at roret var for lengst i borde, det var ikkje meir å få. Det kom då ofte tunge sukk tilbake. Lugaren framme var ikkje  isolert, derfor hang det issjuklar ned frå jarnboltane i dekket. Under dørken skvalpa lensevatnet, det gjorde at der var ei forferdeleg pumpelukt i lugaren. For å halde det nokolunde frostfritt og tørt, fyrte dei på kolomnen som stod på dørken i lugaren. Kola måtte dei hente frå spekktankane i lasteromet når det var godt vêr. Då opna dei luka og halte opp kola i pøsar. Var det dårleg vêr, så var det gjerne ingen kol, ingen varme og heller ingen varm mat fordi byssa også var kolfyrt.

I lugaren hadde dei all tørrmaten, og alle sine klær som ofte var både skitne og våte. Til personleg hygiene hadde dei t vaskarfat på deling, varmt vatn fanst ikkje. Einaste navigasjonsutstyret var sekstanten og kompasen.

Ei veke forseinka kom dei seg endeleg av garde. Dei kom til Kya fyr, utanfor Osen i Sør-Trøndelag, der dei gjorde sjøklart. Så la dei ut på det bårete havet, dei siglde for det meste. Dei nådde iskanten og kom snart i fangsting. Dei fekk 1600-1700 dyr og last på nokre få dagar. Luten var på ei krone pr dyr pr mann, det var mykje pengar den gongen. Ei normal årsløn på land var den tida om lag 6000-8000 kroner.

Etter Vesterisen gjekk dei til Stretet for å fiske håkjerring. Dei fiska for det meste i Nansenfjorden. «Kvitungen» med Rolf Kvien som skipper var der også. Han meinte det var hol eller ein fjord under isen til Vest-Grønland. Når det var slutt på fisket på vestsida (eskimoar), gjekk det 14 dagar så tok fisket seg på austsida. Dette tok seg opp att år etter år.

Mannskapa kom mykje frå Tjørvåg og bygdene omkring, Moldtustranda og Gjerdsvika. Reiulf fortel at dei ein gong i 50-åra talde 49 norske skuter i Vesterisen.

«Søndmøringen» var ei heldig skute, dei gjorde det godt både på ishavet og på sildefiske. Somarane seilte dei for danskane på ekspedisjonsturar til Aust-Grønland. Skipper utover i 50-åra var Arnulf Sandvik, ein roleg og dyktig skipper. Reiulf var seinare mange turar i Vesterisen med «Sjannøy», «Hvalrossen», «Selungen», «Pels», «Kvitungen» og «Rundøy». «Søndmøringen» forliste i Vesterisen i 1962, og «Polaric» redda mannskapet.

  Desse var med «Søndmøringen» i Vesterisen i 1947, men lista er ikkje fullstendig:

Oscar Sandvik, skipper, Andreas Klungsøyr , 1. skyttar (medeigar), Andreas Moltu, maskinist (medeigar), Sverre Aurvåg, assistent, Sverre Torseth, smørjar, Martin Rafteseth, stuert

Nokre av fangstfolka: Hilmar Lenes, Ola Strand, Gustav Varholm, Reiulf Moltu, Hilmar Vilnes (seinare skipper på «Kvitungen»).

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg.