Vesteristur med d/s ”Vesterhavet” 1938

Gjekk frå Brandal mandag 14. mars. – Gjekk ut frå Harøysundet tyrsdag morgon kl.7. – Kurs N.t.V. – SV kuling fyrste døgret, deretter ostleg kuling som minka til bris. – Heldt lag med «Polaric» og «Fangstmand». – Fekk is laurdag morgon. Heldt fram og gjekk inn gjennom isen, som var svært oppreven.

ishavsskuta d/s Vesterhavet 1938

Av Sigmund Bøe

Gjekk på nordost sundag og mandag.  Såg nokre få klappmyss og blårygg, men tok ikkje eit einaste av dei. – Tysdag ettermiddag tok det til å blåse opp til storm, og natt til onsdag hadde vi sterk storm eller orkan frå nordost. Vi fann noko livd oppunder ein strimmel. Snøkaven var so tett at vi såg ikkje meir enn 40-50 meter frå skuta, som dreiv på sida med rekka i vatn. Vinden var so sterk at det var mesta umuleg å få styring på skuta, so det var vanskeleg å gå klar av isane, og den svære dønningen gjorde det livsfarleg å kome nær dei. Sjøroket var tett som frostrøyk. – Stormen heldt fram onsdag med same styrke, men vi kom oss litt lenger inn og fann betre livd, so vi har hatt det fint sidan.. – Høyrde onsdag at dei hadde mista forbindelsen med nordlandskuta «Isfjell», som har mist propellen og ligg inne i isen. Torsdag 24/3: I dag er vinden litt spakare, men vi ligg framleis stille. Dei har enno ikkje høyrt noko frå «Isfjell», og ein må frykte at ho har forlist. «Fridtjov Nansen»er på veg og skal sjå etter henne. 26/3: Høyrde igår at mannskapet frå «Isfjell» vart berga av «Furenak» og «Hisø» før stormen. Det er no berre «Lillemor» ein ikkje har høyrt frå. – Vi gjekk igår på ONO heile dagen. Veret var fint med nordleg bris og halvskya.

1/4: Vi kom fram i sel laurdag 26de kl. 5 em. Tok 160 den dagen. Sundag tok vi 560, mandag 520, tysdag 440 og onsdag 212. Vi var frå fyrst av berre tre skuter: vi, ”Fangstmand” og hammerfestskuta ”Drot”. Onsdag kom heile flåten, men då var det lite att. Torsdag plukka vi 70 dyr, men i dag har vi lege stille for det meste og har ikkje fått fangst. Det bles nordost kuling og er svært kaldt. Banka is på ettermiddagsvakta. Vi har god livd og ligg ilag med mange skuter.

– Vi har hatt ei hard vike med fangsting om dagen og flåing om natta i kuling og storm med bitande kulde og snøkave, so no gjer det godt å få kvile seg ut att.

Dei fleste skutene har ikkje fått noko særleg fangst enno. – ”Fangstmand” kalla på oss i dag, dei har noko fangst, men frostrøyken er so tett at vi kan ikkje finne dei. I morgon vert det vel å leite etter dei so snart det lysnar. (Dette var fyrste året ”Vesterhavet” hadde radio-sendar.)  8/4: Er no komne mesta ned i Strætet. Det er strak kant og slingring. Vi har kjørt langs kanten i heile dag og igår. Det vart ikkjje meir av selen. Vi fann ein strimmel der han hadde gått opp og låg og kasta, men isen sette saman, so vi måtte gå ut derfrå, og då isen slakka att, fann vi ingenting. Vi har lege mykje stille siste vika. Det har vore kuling og snøkave og umuleg å sjå noko vidt kring seg.

– Onsdag hadde vi eit lite kalas då ein av karane, Olav Nyborg frå Berle, fylte 30 år, og stuerten laga to fine bløtkaker for dagen.

Vi skal halde fram og prøve å plukke gris, men tilhøva er særs dårlege med strak kant og ikkje gris å sjå, so kan hende vert det å gå heim snart. Låg bakk eit døgn for berre seila, då dei måtte sløkkje unda fyren for å valse lekke kjelrør. Etterpå måtte dei fylle sjøvatn på kjelen. – 9/4: Vi har no hatt eit par døgn i ope hav og gått vestover langs kanten. Veret har vore fint for sovidt som det ikkje har vore vind, men regntjukke og ei ulideleg slingring. I kveld i 7-tida fann vi livd oppunder ein odde og har det no roleg og fint. Vert liggande her i natt og i morgon vert det å halde fram vestover. 12/4: Vi gjekk frå iskanten igår kl.11 fm. Sette kurs for Island og såg land kl.2 em. Gjekk inn på ei bukt på vestsida av Kapp Nord og ankra kl 7. Rodde i land og henta tre båtlastar med snø frå ein snøbre, som vi brukte til å ise kjøt. Ferdig kl 11 og kl.11,30 gjekk vi frå Kapp Nord. Fint ver, sydvest bris og smult, då vi har livd av land.

Passerte Grimsøya kl.1 em og hadde Røde Huk tvers kl.7. Passerte Langenes kl 1 natt til onsdag 13/4. Kom der ilag med ”Signalhorn”, som vi skal halde lag med over havet. Fint ver, vestleg bris og mildt i lufta. 14/4: Har gått på sydost med 7,7 til 8 mils fart, til midnatt 13de hadde vi gått ut 176 n. mil frå Langenes. Veret er framleis fint: Ostleg bris, litt skodde  og noko sjø. 15/4: Gått ut 364 n. mil til midnatt. Fint ver: laber vest bris og smul sjø, men skodde og regn. – 16/4: Kom til Brandal kl 5 idagmorgon. Venta på tollen til kl 9,30 og gjekk so til Ålesund med kjøtet. Ferdig der kl 6 em. og gjekk so til Brandal.

0 - Kommentarar

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *