Admiralen

Admiralen
EigarA/S Admiralen, Bergen. (Johan Baumann, Kristiania). Disponert av P. Th. Sandborg A/S Ålesund, driftsleiar G. Puntervold
ByggeverftSkaaluren
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår76,6 fot
Mål i breidde, byggeår20 fot
Mål i djupne, byggeår9 fot
Tonnasje71 brt
Maskin, nyInnsett 50 hk damp i 1909
SkipperarKristoffer Marø 1909-1915
J. H. Brandal
Ved forliset var Karl H. Brandal, 24 år, skipper
Tidlegare eigarAdmiralen, Bergen, Sigurd Johannessen m.fl.
ForlistForlist i Vestisen i 8. eller 9. april 1917 med heile mannskapet på 12 mann.
Utfyllande opplysningar

I 1917 kom seks skuter vekk i Vestisen med 74 mann om bord. Skutene var ”Admiralen”, ”Artic”, ”Aslak”, ”Heim”, ”Lunheim” og ”Ceres”. Ei sjuande skute, ”Hercules II”, var på veg til vestkysten av Grønland på kvalrossfangst. Den kom truleg opp i same uveret og kom vekk i same stormen. Totalt sju skuter med 88 mann sporlaust borte.

”Admiralen” var disponert av P. Th. Sandborg AS, Ålesund, då båten kom vekk med 12 mann i Vestisen i 1917. Dei vart nedbrotne av orkan, sjø og is, og 89 mann omkom i dette fælslege skadeveret. Storparten av mannskapa var frå Ålesund og Sunnmørsbygdene.

Ingen veit kva som skjedde med dei sju skutene i påske stormen 8. – 9. april 1917. Men vi veit at skutene var i fangst inne i isen nordaust av Jan Mayen då det bles opp til orkan. Fem andre skuter var i området, men greidde seg gjennom orkanen etter mange harde døgn. På ei av desse, ”Lysningen”, kunne dei fortelje at; Han var så grådige å blåse at skuta lydde ikkje verken maskin eller ror.

 Dette var før skutene fekk radio. Dei som gjekk heime ante ingen ting om dette dramaet som gjekk føre seg, og om katastrofen som dette skulle bli. Ikkje før langt ut på sommaren når alle skutene var komne heim, vart det slått stor alarm. Det var sakna sju skuter. Den 18. august gjekk ”Flemsøy” med skipper Johannes Brandal og ekspedisjonsleiar Johan Olsen ut frå Ålesund for å leite etter skutene. Det einaste spor dei fann etter skutene var ein fangstbåt som skulle vise seg å kome frå ”Heim”.

Dei som kom bort med ”Admiralen” var:

Karl Johan Henriksson Brandal (Brandal), f. 15.02.1893, Johan Rasmussen Lausund (Ålesund), Sverre Olson Vågen (Sande) f. 15.09.1899, Odin Olaison Løset (Syvde), f. 1893, Paulus Gerhardson Flø (Ulstein), f. 19.05 1892, Audin Furst Nykrem (Herøy), 19.11.1899, Johan Rasmussen (son til Johan R. Lausund) (Ålesund), Petter J. Havnegjerde (Langevåg), Elias Vadsetrem (Langevåg), Ragnvald Dyrkorn (Stordal), Mauritz Johan Hansson Ulvestad (Vågen i sande) f. 09.08.1896, Alfred Mathias Olson Vågen (Sande) f. 14.08.1894 (bror til Sverre).

LitteraturNår storstormen rasar, Ishavsmuseet 2002. Ishavsskutenes Historie III, Odd Magnus H. Hansen. Isflaket nr. 1-2017