I over 100 år har nordmenn drive selfangst i ishavet. Over fleire generasjonar har fangstfolk funne sitt levebrød under ekstreme vilkår der vêrgudane kunne vere nådelause i all sin velde.

Ingen andre maritime yrke har prosentvis så mange fartøy gått tapt som i selfangstyrket. I perioden 1925-29 forliste 8,9 prosent av dei norske ishavsskutene. 1930-34 forliste 6 prosent og 1935-39 7,1 prosent. I ei 15 års periode frå 1924 til 1939 forliste 117 norske selfangstskuter.