Arild

Andre namnSachsen - Foynøy - Munkøy - Kitak
Eigar1938 Nordmeer Studien-und Reederei GmbH, Hamburg
1950 Brødrene Wilhelmsen (Verner og Olav Wilhelmsen) Tromsø
1954 Verner Wilhelmsen P/R, Tromsø
1956 Statens Fiskarbank
1957 Ivar Hustad, Molde
1960 Statens Fiskarbank avd Ålesund/Molde
1960 P/R Kitak, Bernt A, Brandal og Per H. Brandal, Brandal
Fartytypeselfanger
Reg. merke1950 T-2-T
1957 M-10-M
1961 M 64 HD
HeimehamnHamburg - Tromsø - Molde - Brandal
ByggeverftBeidenflether Werft, Hugo Peterg, Beidenfleth, Tyskland
Byggeår1938
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår78,3 fot
Mål i lengde etter ombygging88,25 fot 1958 - 93,9 fot 1962
Mål i breidde, byggeår21,3 fot
Mål i breidde etter ombygging21,25 fot 1958
Mål i djupne, byggeår9,5 fot
Tonnasje106 brt 1938
111,63 brt 1950
116,76 brt 1958
118,47 brt 1962
Maskin, orginaltDeutz 6 syl. 180 bhk
Maskin, ny1962 Alpha 280 hk
Skipperar1952 Verner Wilhelmsen
Rolf Kvien
Bernt A. Brandal
Ombyggingar Verft1958 ombygd ved Rolf Rekdals skipsbyggeri, Tomrefjord. Ny baug
1961 ombygd ved Rolf Rekdals skipsbyggeri, Tomrefjord. Ny hekk, kaising og halvdekk.
ForlistSkadd i Vestisen 1965. Forliste vest av Runde 7. mai 1965 då pumpene svikta.
AnnaKitak fekk namnet etter ei øy på Søraust-Grønland. Øya Kitak ligg mellom Qarssaartalik og Uippak
Utfyllande opplysningar

Under katastrofen i Vestisen april 1952 der fem skuter forliste med 78 mann, låg «Arild» saman med «Brattind» og «Vårglimt». «Arild» fekk store skader på rigg og overbygg i orkanen som herja. Dei miste radioutstyret og fekk maskinromet halvfullt av sjø. Motoren var innebygd og hadde høgtliggande luftinntak. Dette gjorde at han fortsatt gikk medan maskinfolket sto til livet i sjø. Berga seg med nød inn til Island. Under arbeid med å sette ut drivanker på denne ferda, vart to mann skylt over bord. Den eine av desse vart kasta ombord igjen på skuta av ein stor sjø. Den andre, skipper Wilhelmsen sin svigerfar Oluf Kaspersen, omkom. Førsteskyttar Ibert Mathisen var rådgjevar for flyleitinga etter dei andre sakna skutene, frå Island. Han var med på to flyturar. Meir om ulykka i 1952 her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/

 

LitteraturAlarm i Vesterisen, Mysteriet i Vesterisen, Når storstormen rasar.