Capria (I)

Eigar | 1917 P/R Capria I (Karl Jørgensen, Johan Jørgensen og P.M. Kåresen) 1923 Anna O. Feie, Fosnavåg |
Fartytype | skøyte |
Reg. merke | M-170-A M-292-HØ |
Heimehamn | Ålesund -Fosnavåg |
Byggeverft | Vigkilens Skibsbyggeri, Fjære v/Grimstad |
Byggeår | 1917 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 69,7 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21 fot |
Mål i djupne, byggeår | 7,3 fot |
Tonnasje | 61,88 brt 1917 |
Maskin, orginalt | Hein 80 hk |
Maskin, ny | 1918 Avance 2 syl RM 92 bhk |
Skipperar | Karl Jørgensen (1917-1920) |
Forlist | Forliste 1. april 1927 i Saltenfjorden på veg frå Lofoten til Ålesund |
Utfyllande opplysningar | «Capria 1» var for første gang på selfangst i ulykkesåret 1917. https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/ Etter at skøyta kom til Fosnavåg i 1923 vart den i all hovudsak nytta til innkjøp avfisk og til fraktfart. I februar 1927 på seglas frå Kristiansund til Lofoten lasta med salt og tomtønner, gjekk skuta på grunn ved Brønnøysund. Dei kom seg av utan skader. Under fart frå Lofoten til Sunnmøre lasta med saltfisk får dei den 30. mars 1927 problem med motoren. Herøybåten «Republik» var villig til å slepe dei til Sandnessjøen. Over Saltfjorden vart det ein del rulling, og brått byrja «Capria 1» å ta inn vatn, og vatnet vaks raskt. Dei endra kurs på slepet inn mot land, men vatnet steig så raskt at dei til slutt måtte kutte sleparen. «Capria 1» gjekk ned natt til 1. april 1927. |