Ceres I

Eigar1916 AS Stubbekøbing
1916 J.N. Ellingsen, Holmestrand
1916 Emil Harstad, Holmestrand og Nils O. Lofstad, Tønsberg
FartytypeSelfangar
ByggeverftSvendborg, Danmark
Byggeår1912
Byggematerialtre, skrog av eik
Mål i lengde, byggeår77,6 fot
Mål i breidde, byggeår21,3 fot
Mål i djupne, byggeår7,6 fot
Tonnasje98 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1917 2 syl.comp. Gøteborg 1893 mod.
Ombyggingar Verft1917 ombygd frå seglskip til D/S, påbygd mannskapslugar til 10 personar framme på dekk, forsterka i baugen med jarnklavar.
ForlistForliste i Vestisen april 1917 med 13 mann
Utfyllande opplysningar

Gjekk ut for fangst i Vesterisen 22. mars 1917. Dette er siste sikre observasjon av skuta. Skipperen på “Driftig” meinte å ha sett dei 5. april 1917 i posisjon 70.50 N  – 5.30 V. “Ceres 1” kom vekk i storm saman med seks andre skuter. Les meir om dette dramaet her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

Dei som kom vekk med “Ceres 1” var: Johannes C. Johannesen, Tønsberg, Erling Fritjof Bergithon Gundersen, Tønsberg, Anders Andersen, Tønsberg, Anton Jørgensen, Tønsberg, Hugo Tørnqvist, Ørebro i Sverige, Hans N. Christiansen, Tønsberg, Olaus J. Johannessen, Tønsberg, Vestby Severin Lind, Onsøy, Erik Hansen, Horten, Christian M. Skar, Tønsberg, Fritjof T. Kristiansen, Tjøme, Georg W. Andersen, Horten, og Oskar M. Hermansen, Sande i Vestfold