Isfjell

Andre namnBirkild (1928) Ukko-Pekka (1930)
Eigar1928 L/L Birkild, Ørsta. (Konrad Nerheim, Arne Osborg, John S. Velle, John Osborg alle Ørsta, og skipper Lars Saure, Ellingsøya.)
1930 Seld på tvangsauksjon til Olaf Stavik for kr. 45.000,-
1930 Finske eigarar, konsul H.A. Elfving, Hangø.
1934 Otto Holms Sønner (Astrup og Øivind Holm)
1934 Fangstrederiet Polar (Otto Holms Sønner, Jens Dragøy og Thorleif Dragøy, Tromsø)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 8 M
T 23 T
HeimehamnTromsø
ByggeverftSkroget bygd på Ness Shipbuilding Yard, Stromness, Orknøyane.
Byggeår1928
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår93,7 fot
Mål i lengde etter ombyggingca 100 fot
Mål i breidde, byggeår23,1 fot
Mål i djupne, byggeår10,2 fot
Tonnasje151,21 brt 1928
144,83 brt 1934
Maskin, orginaltBolinder 160 hk 1918 modell
Maskin, nyBolinder 200 hk (same motor etter ei motorombygging)
SkipperarLars Saure (1929)
Alfred Moe (1937)
Albert Bergesen (1939 ved forliset)
Ombyggingar Verftopp-pussa av dei finske eigarane
Sagvåg Stord: Reparert etter brann
1938 Tromsø nytt overbygg
ForlistForliste i Nord-Atlanteren februar 1939
Utfyllande opplysningar

Skroget bygd på Orknøyane og slept til Sagvåg i Stord av “Hvalrossen” og gjort driftsklar etterjulsvinteren 1929.

Kom seint i gang i Vesterisen 1929 og hadde ein heller dårleg første tur på selfangst.

1929 til Aust-Grønland med dansk ekspedisjon, hyrt inn an NANOK. Etter endt oppdrag fekk dei problem med å kome seg ut avisen og følgde kysten heilt ned til 68 grader før dei kom ut.

Under selfangsten i Kvitsjøen i 1930 tok dei opp mannskapet på “Islys” som hadde forlist. Seinare i 1930 havna båten i Finland og var på selfangst i Vesterisen både i 1932 og 1933 under namnet “Ukko Pekka”. (Som betyr noko slikt som Gubbe Per på norsk). Det var med Sunnmøringar som kjentfolk på begge desse turane.

6. desember 1933 byrja det å brenne ombord i “Ukko Pekka”. Då hadde skuta nett vore på reperasjon i Helsingfors for å vere klar til ny selfangstsesong. Skuta vart så slept tilbake til verftet i Helsingfors av “Kalapoika”, seinare “Brandaling” som tilhøyrde same reiarlaget.

Våren 1934 skøyter eigaren over “Ukko Pekka” til Otto Holms sønner i Tromsø, i brannskadd tilstand. Skuta vert slept til Stor for reperasjon. Skuta skiftar no namn til “Isfjell” og vert heilt fornya innvendig.

Sesongen 1937 var “Isfjell” ei av dei skutene som gjorde best fangst i Kvitsjøen og kom heim med 3100 sel.

Evakuert etter skade i Vestisen 1938. Flaut på tome tankar. Vraket berga og reparert. Mannskapet berga av “Hisø” og “Furenak”.

Forliste i Atlanterhavet i februar 1939 på veg til Newfoundland. Mannskapet berga av “Drottningholm”. Les meir om dramaet her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/

 

LitteraturIsflaket fleire utgåve Trygve Nordanger: Dramaet i Nord-Atlanteren