Åtte små ishavsskuter som skal ut på selfangst kjempar for livet på overseglinga til Newfoundlandsfeltet. Dei tre Brandals-skutene la kursen om Færøyane, ”Arktos” som var kolfyrt ville bunkre ekstra kol.

Det var storm i Atlanteren, men etter fire døger utan betring i meldingane valde dei å gå vidare. Dei kunne ikkje ligge der å risikere at ungselfangsten skulle bli øydelagt om dei vart for seine.

Barometeret fall kraftig

Alle dei fem nordlandsskutene skulle etter planen gå ei rute nord om Island. Men om lag eit døgns seilas frå Island meldte ”Isfjell” om lekkasje, dei ville inn om Island for å reparere. ”Nyken” og ”Saltdalingen” ville assistere inn til land. ”Quest” og ”Selis” fortsette nord om Island. Sjøen hadde vore litt ”røff” på oversiglinga til Island, og dei tre skutene fekk høve til å reparere nokre småskadar. Dei valde no å gå ut sør for Island, saman med dei tre Brandal-skutene.  Veret var fint, men barometeret fall kraftig.  Dagen etter vert det meldt om ein enormt stor sjø med farlege brekningar. Segla blir tatt ned og loggen haldt inn. ”Nyken” får skade på fangstbåtar og styrehus. Styrehuset blir oppstiva med spekkbenkar, men melder over radio at dei har det no ganske bra.