Ishavet

Eigar1916 A/S Ishavet, Ålesund (Michael Knutsen)
1923 Johan Thorvik, Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 156 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftHans Gravdal skipsbyggeri, Opsanger
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår90,6 fot
Mål i breidde, byggeår21,7 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje120,69 brt 1916
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen 121 hk
SkipperarKristoffer Marø (1917-1929)
ForlistForliste i Kvitsjøen 12. april 1931
Utfyllande opplysningar

Første gong på selfangst i ulykkesåret 1917. https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

4. januar 1929 er “Ishavet” på veg til Fedje på sildefiske, og går seg med full fart på grunn på Vommagrunnane ved Stabben. Mannskapet jobba heile dagen med å lette skuta, og ut på ettermiddagen klarte “Draugen” å rykke skuta av igjen.

10. april 1931 har “Ishavet” blitt liggande fast i Kvitsjøen. Mannskapet er i arbeid med å spekke av ein del fangst. Vinden er alt frisk og det er litt skruing. Ut på dagen så aukar skruinga kraftig på, og isen pressar så det vert hol i skutesida i lugaren framme på babord. Rorstilken vert også vridd, og skuta får lekkasje. Pumpene vert sette i gang og karane går straks i arbeid med å prøve å tette skuta med sekkar og drev. Kl. 17 heiser dei naudflagget for å varsle andre skuter om situasjonen. Dei greier å halde skuta lens, men er i sving med å førebu proviant og utstyr om dei må forlate skuta. Dei reknar med at skuta vil gå ned når isen slepper taket. Då isen slaknar av ut  på natta så aukar lekkasejn. Då nattemørket lettar vert to mann sende over til “Hjelmen 1” for å varsle. Dei som er igjen ombord kastar 600 skinn inn på isen. Noko seinare vert heile babord side knust, og isen pressar seg innover dekk og blokkerer begge dekkspumpene. Maskinlensene er framleis operativeog lensar for fullt. Utstyr og proviant er kome på isen, men må stadig flyttast etter som skruinga forandrar islandskapet. Ut på ettermiddagen kjem utsendingane til “Hjelmen 1” tilbake med ein del av mannskapet derifrå. Det vert jobba med å berge mest mogleg frå havaristen. Ikkje lenge etter ser dei ikkje anna råd enn å forlate “Ishavet” og ta seg over til “Hjelmen 1”. Etter ein marsj på 4 timar over skrugardane kjem dei ombord der. 12. april klokka 17.30 går “Ishavet” ned.

LitteraturIsflaket