Kap Flora



Eigar | 1917 Bernhard M. Thalberg, Ålesund 1919 Paul Vaagsholm, Fosnavåg 1921 Paul Vaagsholm og Peder Andresen Korsfur |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 58 HØ |
Heimehamn | Ålesund - Herøy |
Byggeverft | Skaaluren skipsbyggeri, Rosendal |
Byggeår | 1917 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 90,9 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 93 fot - 98 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,4 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,1 fot |
Tonnasje | 114,41 brt 124 brt |
Maskin, orginalt | 2 syl. comp. J. Storviks MV, Kristiansund, 100 hk |
Skipperar | Peder Andresen Korsfur (1919-1924) Otnes (1922) |
Forlist | Forliste i Kvitsjøen 25. april 1924 |
Utfyllande opplysningar | Ved forliset låg «Godøy» berre 500 meter unna. Mannskapet på «Kap Flora» fann ikkje «Godøy» i snøkaven og tok seg over isen til Murmanskkysten. Mannskapet på «Godøy» høyrde om forliset først då dei kom inn til Tromsø. 1921 vart «Kap Flora» oppbrakt i Kvitsjøen saman med D/S «Remø» og M/S «Polargutten». Brakt inn til Arkhangelsk og halden i arrest der til seinhausten same året. Mannskapet var i Vardø og henta skuta i Arkhangelsk i november/desember. I 1922 gjekk «Kap Flora» og «Sælbarden» inn til Aust-Grønland etter klappmyssfangsten i Danmarkstredet for å drive fangst på levande moskus og isbjørn. «Kap Flora» fekk 6 levande moskus og «Sælbarden» fekk 7. 9 av desse dyra vart selde til dyrehagar i Philadelphia, Washington og New York. Meir om levandefangsten av moskus her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/moskus-fra-gronland/ Under fangst i Kvitesjøen i 1923 misser skuta ein av sine menn. Han skulle hente ein sel som var skoten på eit isflak og hoppa frå rekka. Ingen i mannskapet såg kva som hende, men dei høyrde han datt i sjøen. Dei kasta ei bambustroe til han, men han nådde den ikkje. Dei sjøsette ein fangstbåt så raskt dei berre kunne, men før den nådde fram var mannen forsvunne. 1924 var «Kap Flora» på veg ut av Kvitsjøen med full fangst, då ho forliste i isskruing. Mannskapet drog med seg fangstbåtane over isen og kom i land ved Kap Orlov. Fekk seinare far heimover med andre skuter. Då «Kap Flora» gikk ned hadde dei ein fangst på 3368 sel ombord. |