Moskus frå Grønland

Av Webjørn Landmark

«Den som har hatt opplevelsen av å ha iaktatt moskus på rimelig nært hold, vil neppe glemme denne opplevelsen. Dette urgamle, nøysomme og høyarktiske polarkveget og flokkdyret, som i titusener av år har levd fredelig på eksistensminimum i de mest fjerne arktiske områder på vår klode, er et fascinerende skue som griper enhver naturelsker helt inn i sjelen.

Vinterstid er det et dramatisk syn der de rolig står i snøstormen med den lange kraftige pelsen blafrende i vinden, eller delvis nedsnødde liggende på bakken. Man spør seg stadig: Hvordan klarer de å overleve?» (Fangstmann Ivar Ytreland)

Så langt attende som eg kan huske har moskusen vore eit dyr som har fasinert. Alle historiene om han «Hau-Peter» som fanga levende moskus og sette ut på Brandalsfjella var kanskje forklaringa på dette. Moskus. Denne tettbygde uroksen med langt ragg og skumle horn. Utruleg nok kan den faktisk symje svært så bra. Og få slår den på fart i ville og bratte steinrøyser. Unna bakke er det verre. Då kvir han seg for å bruke farta si. Moskusen er svært framtung, og mange fangstmenn har fortalt historier om moskus som har slått kolbøtte i vilt trav unna bakke. Ein vaksen okse veg mellom 300-400 kg og har ei skulderhøgde på om lag 160. Kua veg 2-300 kg og skulderhøgda er om lag 130 cm.

Men det var mange fleire enn han «Hau-Peter» som fanga levande moskus og tok ut frå Grønland. Ei lang periode etter 1900 var det ganske vanleg å gå inn til Grønland og komplettera fangsten med moskus og andre dyr frå dette spanande landet.

I frå 1899 til 1969 er det oppgjeve at nordmenn førte inn til Noreg om lag 300 levande moskus.

Truleg er talet enno litt høgare sidan det manglar tolljournalar og statistikk frå enkelte år. I tillegg kjem utanlandske ekspedisjonar som har teke med 50 moskus frå Grønland: Sverige 2 i 1900, Island 7 i 1929, Danmark 37 i perioden 1900 til 1964 og USA førte ut fire kalvar frå Claveringsfjorden til New York zoologiske park i 1939.

Det var dei zoologiske parkane verda rundt som gjorde at det vart så attraktivt å fange levande moskuskalvar. Desse parkane betalte svært godt for ein levande moskuskalv. Tromsø-skuta «Søstrene» med skipper Ole I. Grødahl var den første som hadde med levande moskus frå Grønland i 1899. Desse to moskusane vart seld til Hertugen av Bedford og sette ut i hans private dyrepark Woburn, sør i England, og prisen skal ha vore 10.000 tyske mark. Ikkje rart då at Brørne Peter S. og Ole S. Brandal var freista av å gå inn til Grønland etter heller dårleg selfangst i 1900. Ole S. Brandal fortel:

Våren 1900 og sommaren med, vårt eit skrap år i Vesterisen. Elendig fangst og dårleg ver. Då sesongen var ute, hadde kvar skute kring 70 dyr. Eg – som var van med å gjere det godt på stimbåt – var i dårleg humør.

Så møttes Peter og eg og samrådde oss om å ta oss vestover til Grønland. Vi låg 70 – 75 grader nordlig breidd denne tida. Medan vi drøfta spørsmålet, kjem det pløyande ein stor stimbåt austanifrå. Det var austlendingar på selfangst. Båten hadde namnet «Samson» og kapteinen heitte Samuelson. Vi fekk han i tale. Han såg på dei tretti tons skutene våre, «Havfruen» og «Minna», og tykte det var skrøpelege farkostar.

– Kan vi prøve og komme oss til Grønland, trur du? Spurde vi.

– Eg vil på det sterkaste frå råde dykk det, svara han.

Fridtjof Nansen spurte om det same, og eg rådde han frå. Der er både straumfylt og isfylt.

 Men vi meinte det ikkje nytta å skreme oss. Då drog karane fram drafta og viste at det var omlag 60 mil til Grønland. Var vi likevel så djerve å legge avstad, ville han iallefall rå oss til å halde oss på 75 grader heile vegen. Straumen var rimelegare der.

Så kryssa vi innover. Vi haka oss fast med dreggar i store isfjell og hala og drog. Etter mykje slit i fem heile veker, hadde vi berre 2 – 3 mil att til Grønland. Vi kunne sjå open råk langs landet.

Men trur du ikkje han då la til med nordvest storm som køyrde ut etter og la oss heilt faste. Då sa eg til Peter: Lat meg få med to mann frå skuta di, så tek eg to frå mi. Vi rustar oss ut med kaffi, smør, kavring, ved og segl, tek fangstbåten og prøver å kome oss til land. Det vart sett i verk.

Vi drog båten over isen og rodde i dei små råkene vi fann. På turen skaut eg ein storkobbe, så vi i nødsfall kunne ha både mat, brensel og varme. I to døgn rodde og drog vi stykkevis. Så opna isen seg litt etter kvart, og vi kunne setje foten på Grønlands jord lenger nord enn nokon mann hadde vore før – på Claveringsøya. Der drog vi båten på land, koka kaffi, velte båten og laga oss hytte. Så fekk karane sove. Sjølv gjekk eg på vakt.

Eg var no så pass trøytt at det vart visst ender og enn dubben på meg og. Men eg tok meg ein tur opp mot fjellet og skaut to rappgjess. Det kunne hjelpe på maten dersom det skulle falle så ille at vi vart verande ei rid.

Men med eitt lettar det ut i havet, og skutene kom kryssande. Då fekk eg gå til køys medan Peter kryssa austetter langs kysten. Det var spanande. Ingen hadde vore her før, så det var ikkje godt å vita noko om grunnar og bankar.

Men eg hadde ikkje sove lenge før Peter vekkjer meg: – Nei, no må du kome deg opp i tynna, Ole. Eg ser noko levande inne på land. Det liknar hus på vandring! Det må vere kjempedyr! Vi vart samde om å tørne oppunder land og gå med eit par båtlag innover. – Vi såg dyra i kikkerten omlag halvanna mil unna. Etter kvart vart det umåteleg tungt å gå, for der var slik leirsupe. Skodda kom og sigande, og Peter og eg vart usamde om vegen. Enden på visa vart at vi skildest.

I det laget mitt skulde passere ei elv, høyrer vi skot ifrå dei andre. Eg talde til tjue, heile ladninga – og straks etter ropa ein av karane våre: – Eg høyrer naudrop – – -!

Heldigvis så var det ikkje så ille. Ikkje lenge etter møtte vi dei andre leande.

– Vi kom fram på nokre veldige dyr som vi har tømt heile ladninga i, sa Peter, men dei står der like godt. Og det var sant. Då vi kom burt til dyra, sto dei på alle fire, steindaude.

Vi velte dei overende, flådde dei og tok hovuda med oss. Det var ei dryg bør, den halvanna mila.

Men då vi kom ombord – vi måtte signalisere med tåkeluren – for dei hadde lagt seg frå land. Då hadde dei også skote tre dyr av same slaget. Vi hadde ikkje greie på kva slags dyr det var før vi kom heim. Ingen av oss hadde sett Moskus før.

– Vi fekk full last. Femti-seksti moskusdyr og eit liknande tal med kvalross og isbjørnhuder. Dessutan hadde vi 4 -5 levande moskus, ein levande kvalross-unge og ti levande isbjørnungar.

Vi stilte ut desse dyra i buda hans Godø i Ålesund, og tok inngangspengar. Det vart ei heil valfarting dit.

I avisene dagen etter utstillinga vart den skildra på denne måten:

Det var interessant at se så megen fangst frå et par små fartøier, særlig disse sjeldne moskusdyr, og vi tror at udstillerne havde fået mange fleire besøgende om entreen ikke havde været fuldt så høi.

 

Moskusar frå «Minna» og «Havfruen» skal ha blitt selde til Antwerpen i følgje ei kjelde, men berre ein kukalv kom levande fram. Om dette gjeld alle fem eller berre nokre av dei, veit vi ikkje.

I brev til John Giæver ved Norsk Polarinstitutt der han etterspør innførsel av moskusdyr, skriv Martin Karlsen den 22. mars 1948 at moskuskalvar frå «Minna» og «Havfruen» i 1900 vart sette i eit inngjerda stykke i Brandalsbygda, men graset var alt for feitt og dei kreperte etter kvart. Det er ikkje nemnt tal på kor mange dyr dette var.

Det er ikkje nemnt i statestikkar at dei to skutene hadde med levande moskus dei komande åra, men protokollar frå Peter S. Brandal sitt arkiv viser til sal av moskus.

Brandal-karane kjende ikkje til moskus før dei kom inn til Nordaust-Grønland i 1900.

Henry Hudson vert vanlegvis rekna som den første som kom seg gjennom drivisbeltet og fekk sjå kysten av Nordaust-Grønland i 1607, mens Douglas Charles Clavering var den første og einaste som har sett noko til Eskimoane på Austkysten nord for 660 N, ei gruppe på 12 stykkar på sydsida av Claveringsøya i 1823. Ingen av dei nemner å ha sett moskus. Rundt 1770 var den danske naturforskaren Otto Fabricius på Vest Grønland. Han fekk der overrekt ein del restar av moskus som var kome med drivisen frå Aust-Grønland. Han kjende ikkje til moskusen og beskreiv derfor funna som jak-okse. Dei første sikre kjeldene om moskusfe på Grønland fekk ein i 1853 då Kane fann fleire skjelett av moskus på Nordvest-Grønland, og fekk fleire stadfestingar frå Eskimoar i området som hadde sett levande moskus der nokre år i førevegen.

I 1869 då den andre tyske Nordpols-ekspedisjonen med «Germania» og «Hansa» starta  for å nå Nordpolen langs kysten av Aust-Grønland, såg dei moskus. Dei skaut ein enorm okse på Shannonøya den 16. august 1869, truleg som dei første europearane som skaut moskus på Grønland. Året etter var dei nok også dei første europearar som fanga levande moskus på Grønland, men utan å ta den attende til Europa.

Første nordmenn på moskusjakt

Selfangaren «Hekla» med skipper Ragnvald Knudsen var den første som dreiv moskusjakt på Aust-Grønland. Dette var sommaren 1889 då dei sigla langs kysten frå Kapp Hold with Hope til nord for Shannonøya. I tillegg til ein god fangst med 9 isbjørn, 267 kvalross, 220 kg kvalrosstenner og fleire tusen sel, leverte dei i Hammerfest 24 moskusslakt.

Fangstfolk på galeas «Søstrene» og jakt «Spitsbergen» av Tromsø skaut 79 og 69 moskus på Aust-Grønland sommaren 1899, og som før nemnt hadde «Søstrene» med dei to første levande moskus heim til Tromsø.

I 1900 vart til saman 13 moskuskalvar fanga og tatt med til Skandinavia. I tillegg til dei 5 som «Havfruen» og «Minna» hadde med kom, «Christianne» frå Hammerfest med skipper Fredrik Olsen inn med en levande moskus, «Sina» med skipper Jacob Johansen, også frå Hammerfest, hadde en levande og «Cecilie Malene» frå Tromsø med skipper Ole Næsø hadde fire levande kalvar.

I tillegg til dette hadde den danske «Antarctic»-ekspedisjonen fanga en moskus til Zoologisk Have i København, («Bus» som dauda i 1906), og ein svensk zoologisk ekspedisjon med «Fritjof» hadde med to moskus som vert slept ut i ei innhegning ved Boden i Norrbotten. Den eine av dei dauda etter kort tid grunna blodforgifting etter skade under transport. Moskusen som «Christianne» hadde med vart seld til zoologisk hage i Berlin, der den dauda 20. april 1906.

To Tromsø-skuter hadde 90 døde moskus, og tre Hammerfest-skuter hadde til saman 87 daude moskus, mens «Minna» og «Havfruen» hadde til saman 50.

Desse to skutene er ikkje nemnde fleire gongar i statistikkane over innført levande moskus. Peter S. Brandal som slutta å segle på ishavet i 1911, (han gjekk då i land for å drifte selskapa sine) fortel i intervju med Sunnmørsposten i 1930 at han sjølv hadde skote 150 moskus og 152 isbjørn på dei 13 åra han dreiv ishavet.

Moskus på dekk til ishavsskuta «Polarbjørn»

I åra 1901, 1902 og 1903 har «Anna» av Hammerfest kvart år med en levande moskus. I 1903 er også «Laura» av Kristiania med skipper Jens J. Øien oppført med en moskus.

Så kjem eit opphald til 1907 då «Laura» er tilbake og har teke en levande moskus, og har følgje med «Vesterisen» frå Ålesund, skipper Peder Trandal, som og har en levande moskus. «Vesterisen» har en også i 1908 då også Paul Lillenes har en med skuta «Sjøblomsten.

«Vesterisen» fanga då den første og einaste fullvaksne moskusoksen som er teken levande heim. Denne vart seld til zoologisk Have i København. I 1910 er  «Laura» oppført med fire moskus. Så vert det eit opphald til 1919 då Jens J. Øien har gått frå å vere skipper på «Laura» til å føre «Polarbjørn» av Narvik, og har fanga fire levande moskus. Fire moskus har også «Johanna Schelderup», Bodø, dette året, ført av Johs. Antonsen, og «Sælbarden», Tjørvåg, med skipper Paul Lillenes har to kalvar.

Frå 1922 aukar levandefangsten av moskus. Dette året har «Kap Flora» med skipper Peder Andresen seks kalvar og  «Sælbarden» med skipper Paul Lillenes har sju. Dei to skutene dreiv samfangst på levande moskus og isbjørn etter at klappmyssfangsten i Stretet var over. Ein 1-åring og åtte av desse kalvane vart selde til USA. Zoologiske hagar i Philadelphia og Washington overtok to kvar, og fem gjekk til New York. Det gjorde også to nesten to år gamle moskus frå Schjelderup i 1921, og fire eittåringar frå Tjørvåg i 1929.

Felles for dei aller fleste av desse innfanga kalvane som var tekne i fangenskap er at dei dauda rimeleg kjapt. Mange dauda før dei var selde, og mange strauk med etter få dagar eller veker etter å ha kome til dei ulike zoologiske parkane.

I 1924 vert det sett ein førebels rekord i levande fangst av moskus. «Orlando II» av Tromsø med skipper Oskar Grødahl har med heim ni kalvar. «Quest» med skipper Ludolf Schjelderup, Skånland ved Bodø, har med 11, «Sælbarden» no med skipper Ingebrigt Follestad hadde 11, og «Fangstmand» frå Brandal med skipper Håkon J. Brandal har med 12 moskuskalvar.

«Quest»-kalvane vart satt ut på Skånlandsholmen sør for Bodø, men dei fekk problem med å selje dei. Berre to av desse vart selde og hamna i ein zoologisk hage i Halifax.

Dei 12 kalvane frå «Sælbarden» var fanga på sørsida av Claveringsfjorden, på Hudson Land. Ei av utfordringane med utførsel av moskus var naturlegvis å ha mat til dei under overfart heim. Karane på «Sælbarden» meir eller mindre kraup over store områder på Hudson Land med kvar sin kniv og skar gras. Grastustane på Grønland står ikkje tett, og lite var der, men til slutt lukkast dei med å fylle 16 sekkar med gras. Ein av karane klaga sin nød etter heimkomsten; han trudde han skulle vere med på eit flott eventyr når dei skulle inn til Nordaust-Grønland, «i staden vart eg liggande på alle fire i fleire dagar å rive gras som ei anna geit!».

Ein av kalvane var spesielt liten og ville ikkje ha gras. Sjølv om dei freista å gje han boksemjølk så dauda den brått like utanfor kysten av Møre. I tillegg til desse 12 moskuskalvane hadde «Sælbarden» også 5 levande isbjørnungar på dekk. Det var nok ei livleg overfart med 17 levande dyr på dekket.

Verdas første utsetting av moskus

Hausten 1924 vart dei 11 kalvane som var att frå «Sælbarden» sett ut på Kikholmen ved Kjeldsund i Herøy i påvente av sal. Holmen låg like ved leia, og er om lag 400×150 meter.

På holmen stod att eit naust og ei gammal løde etter folk som hadde budd der fram til 1880. Det vaks framleis mykje gras på holmen. Vinteren 1924-25 dauda fem kalvar på holmen. Det vart også her sagt at moskusen ikkje tolte det feite graset.

Det gjekk dårleg med salet av desse moskusane. I juni 1925 vart dei seks moskusane som no var igjen, tre av kvart kjønn, flytta til Gurskøy og slept på fjellet der. Dette var gjort for å få dei lenger unna der det budde folk, og var dyrka mark.

Dette kan ein då rekne for ei utsetting av moskus, og ser ein vekk frå dei få som var sette inngjerda andre stadar i påvente av sal, var nok dette verdas første utsetting av moskusfe. På fjellviddene var det bra med mat. Men likevel kom to av dei ned frå fjellet å beita ei heil natt på ei eng med feitt gras i Dragsund. Dei to dauda like etter. Også kalvane som «Sælbarden» hadde med året etter, tre moskuskalvar, vart sette ut først på Kikholmen, før dei i juni 1926 vart flytta til Gurskøy. Dei heldt seg mykje i Sædalen, og det har seinare blitt fortalt at pinseaftan 1927 vart to kyr observert med kvar sin kalv. Den 28. august 1929 skriv Aalesunds Avis i ein artikkel at ingen har sett igjen moskusen, og det er grunn til å tru at dei ikkje lenger er i live. Andre munnlege kjelder har fortalt at moskusen på Gurskøy ikkje forsvann før under andre verdskrig. Det siste er nok mindre truleg.

Dei bitre erfaringane med at så mange dauda så raskt gjorde at mange kjøparar vegra seg for å kjøpe dei forholdsvis dyre moskuskalvane. Når så skutene hadde med heile 43 moskuskalvar dette året, vart også tilbodet større enn etterspørselen. Dessutan hadde den danske zoologen Adolf Jensen lukkast med å få mange zoologiske hagar til å seie nei til kjøp av moskuskalvar.

På Brandal stallfora Peter S. Brandal 12-14 moskuskalvar eit heilt år, før dei vart selde til ulike utanlandske dyreparkar. Dette i følgje ein publikasjon frå 1930. Dette må vere dyra som «Fangstmand» hadde med heim i 1924.

I 1925 kom «Sælbarden» med skipper Follestad heim med tre kalvar, og «Malula» av Haugesund med skipper Bertel Chr. Landmark hadde med en.

I 1926 er «Heimland I» av Tromsø med skipper L. Jakobsen den einaste som er innmeldt med to moskus.

I 1927 har Brandal-skutene «Lysningen», skipper Sigvald S. Brandal, «Aarvak», skipper Johan S. Brandal og «Polarhavet» med skipper Peder E. P. Brandal samfangst og har med heim to levande moskus.

I følgje brevet frå Karlsen til Norsk Polarinstitutt ved John Giæver vart desse to kalvane plasserte oppe i dalen i Brandal like ved ei Sæterstøl. Det vart satt opp ei større innhegning, og bygd ei jordhytte til moskuskalvane. Dette var i august månad og det såg lenge ut til at dyra trivdas. Dessverre dauda den eine ut på vinteren og det vart nok einsamt for den som var igjen. Det var mykje snø den vinteren, skriv Karlsen, og den andre kalven kom ned til bygda og fann vegen til eit sauefjøs og helsa på sauene der. Karlsen skriv vidare at moskuskalven var ganske tam og han trur absolutt det skulle late seg gjere å temje desse dyra. Han fortel også at denne kalven vart seld då dei ikkje ville ha ein einsleg gåande igjen på Brandalsfjella. Ei anna kjelde skriv at denne kalven vart seld til Italia der den kom fram til ein zoologisk hage i Roma den 7. desember, og levde der til 15. juli 1928.

I 1928 var «Terningen» av Tromsø aleine som kom med moskus, to stykkar, mens det i 1929 var tre skuter innom å fanga levande moskus. «Kap Flora» med skipper Peder Endresen, «Sælbarden» med skipper Paul Lillenes og «Veslekari» med skipper Hans Rekdal hadde til saman 28 levande kalvar med heim. 26 av kalvane overlevde overfarten, og vart satt ut på Lilleneset i Tjørvåg i påvente av sal. Zoologiske hagar i Helsingfors, Edinburgh, Washington, og Philadelphia kjøpte to kvar, og fire gjekk til New York. Adolf Hoel som då var leiar i Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (i dag Norsk Polarinstitutt) kjøpte dei resterande 18 moskuskalvane som vart ført med «Veslekari» og satt ut i Adventfjorden på Svalbard. Det var både politiske og økonomiske grunnar til dette, men ein rekna også med at moskus kunne bli eit nytt jaktbart vilt på Svalbard. Moskus frå denne stamma kunne ein sjå på Svalbard heilt til slutten av 1970-åra.

I 1930 har «Veslekari» med åtte moskus, «Gugnir» med skipper O.M. Tokle har 16. «Enos», skipper Ole Rødseth, og «Sælbarden», skipper Osvald Lillenes har samfangst og til saman 35 moskus.

Dette året var moskusen fanga på bestilling til USA. 34 moskus vart frakta frå Tjørvåg til Bergen med «Enos». Den 6. september forlèt «Bergensfjord» Bergen med dyra i kvar si kasse med kurs for New York. Etter 33 dagars karantene vart dei sende med tog tvers over USA til Seattle, så med båt til Seward i Alaska, og igjen ei togreise til forskingsbasa i College der dei kom fram 4. november. Hensikta til Amerikanarane var å ta vare på ei art som dei meinte var trua for utrydding, samt å freiste for domestisera av moskusfe. I 1936 vart 24 av desse som hadde overlevt og deira sju etterkomarar, satt ut på Nunivakøya i Beringhavet. I 1968 var talet på denne stamma kome opp i 750 dyr, og har vidare gitt opphav til nye viltlevande stammer i Alaska og Sibir.

I 1931 har ishavsskuta «Pil» frå Hjørungavåg med skipper B. H. Olsvik fanga 10, «Polarbjørn» med skipper Kristoffer Marø har to og «Veslemari» skipper Peder Andresen har 14 moskuskalvar.

Dei 14 dyra frå «Veslemari» vart plasserte i sjøbua til Petter Smådal på Leinøy i påvente av sal. «Polarbjørn» dyra vart plasserte i eit trekkfullt pakkhus på Brandal.

Salet gjekk trekt, og fire av desse moskusane frå 1931 («Polarbjørn» og «Veslemari») vart fôra heilt til byrjinga av oktober 1932 då dei vart sende med «Glimt» til Åndalsnes for vidaretransport til Dovrefjell der dei vart satt ut i naturen.

Bakgrunnen for at ein freista sette ut moskus på Dovre var delvis at under arbeid med Dovrebana hadde arbeidarar funne mykje beinrestar etter moskus frå før siste istid, og ein kvann fekk då ideen om å sette dyret tilbake i området her.

Det hadde også på dette tidspunkt blitt svært vanskeleg å selje moskus til utlandet. Dei zoologiske hagane hadde fått dårleg erfaring i og med at svært mange dauda relativt fort, og prisane hadde vore høge.

Då «Pil» gjekk direkte til Kapp Herchel i 1931 utan å drive klappmyssfangst først, var det for å freiste lukka på laksefiske. Dette var ein privat finansiert forsøkstur under namnet Østgrønlanske Fiskekompani A/L. Bak selskapet sto fiskehandlar Karl Røbekk og skipperane B.H Olsvik og Berntsen. Laks fekk dei ikkje, og dei fanga då levande moskus for å prøve å berge litt av turen. Også «Pil»-karane fekk vanskar med å få omsetjing på moskuskalvane, og dei vart ståande på eigedomen til Røbekk på Åsestranda ved Ålesund vinteren over. I januar var det sju moskus igjen som dei då bydde fram til Landbruksdepartementet. Etter mykje diskusjon vart desse også etter kvart frakta til Dovrefjell ut på våren i 1932.

«Isbjørn» er einaste skuta som har rapportert inn moskus i 1932 med seks fanga moskus. Skipper var Albert Bergesen. fire av desse kalvane enda i Swope Park i Kansas City, USA.

Etter dette vert det eit opphald på fem år før «Polarbjørn» stort sett er åleine om å fange levande moskus i åra som kjem, men med opphald under andre verdskrig. Opphald var det forresten også under første verdskrig. Odd Vollan skriv i «Ishavsfart» at på grunn av gode tider og gode fangstår i Vestisen var det i ei periode slutt på denne kompliteringsfangsten på Grønland, men då krigen var slutt, fekk den igjen verdi.

«Polarbjørn» har både i 1938 og 1939 fanga to moskus. Desse var fanga for å sette ut på Dovrefjell.

Moskusen trivdas og formerte seg på Dovrefjell. Men då andre verdskrig var over, var stammen borte. Det vart hevda at tyskarane som då hadde tilhald i nærleiken i krigsåra hadde utrydda stammen. Seinare undersøkingar avviste dette. Rett nok skaut dei to moskus, men det var nok nordmenn som tok ut mesteparten, og eit stort snøskred tok livet av fem.

I 1947 har «Polarbjørn» åtte moskus og i 1948 er det fanga 10. Skipper desse fire åra er Kristoffer Marø. 10 av desse var fanga for å sette ut på Dovrefjell, åtte i -47 og to i -48. Det var selskapet Arktisk Næringsdrift AS som då stod bak denne utsettinga, med støtte frå staten. Arbeidet med utsetting av moskus i åra 1947-49 og 1952-53 vart leia av John Giæver.

Åtte av moskusane «Polarbjørn» hadde med i 1948 vart sette ut ved Bardufoss. Også her var det Arktisk Næringsdrift som stod bak utsettinga. I førstninga var det meininga at alle kalvane frå 1948 skulle til Dovre, men det var sterke ønsker frå nord om å også etablere ei moskusstamme der med tanke på kjøtproduksjon. Dyra heldt seg for det meste i fjella rundt Hjerttind i Troms. Nokre av desse skal også ha vandra inn i Nord-Sverige. Ein finn ikkje sikre kjelder på kor lenge denne stammen levde, men det er grunn til å tru at dei siste levde til byrjinga av 1960-talet.

I 1949 er «Quest» åleine på moskusfangst med fire moskus, før «Polarbjørn» (nr. 2) er åleine gjennom første halvdel av 1950-talet. I denne perioden fanga dei til saman 15 moskuskalvar med skipper Henrik Marø. Desse moskuskalvane vart også sett ut på Dovrefjell. Det er stamma av desse som var fanga i periodane 1947 til 1953 som framleis lever på Dovrefjell i dag.

Moskuskalvar på dekket til «Quest»

Sommaren 1971 vandra ein liten flokk på fem dyr ut av Dovrefjell og slo seg ned i Härjedalen i Sverige.

Så vert det eit langt opphald heilt til 1969 då «Harmoni» og skipper John Jakobsen har fanga 25 levande moskus som siste skute på levandefangst. Desse kalvane skulle til Bardu og var tenkt til moskusfarming. Grunna sjukdom vart forsøket gjeve opp.

Av dei om lag 300 levande moskusane som vart førte ut frå Nordaust-Grønland vart 155 selde til dyreparkar og zoologiske hagar. (Nokre av desse dauda i Noreg før eksport). 70 moskus skulle brukast i domestiseringsforsøk (fire til Sverige i 1900, sju til Island i 1930, 34 til Alaska i 1930, 25 til Bardu i 1969), 75 vart innført for å verte satt ut i norsk natur, eller resultatet etter overføring vart at dei blei sette ut (ni til Gurskøy i 1925-26, 17 til Svalbard i 1929, 39 til Dovrefjell i 1932, 1938 og 1949-53 og åtte til Bardu i 1948).

I tillegg veit vi at utlendingar har ført ut minst 50 levande moskus frå Grønland: Sverige to i 1900, Island sju i 1929, Danmark 37 i periodane 1900-1964, og dei fire kalvane til USA i 1939.

Då «Anni I» forsvann på heimtur frå Nordaust-Grønland med overvintrarar om bord i 1923, var det også sju levande moskuskalvar om bord. Overslag syner også at om lag 50 innfanga moskus dauda på overfarten til Noreg.

I 1964 vart det også fanga 27 levande moskus i Nordaust-Grønland som vart overførde til Søndre Strømsfjord på Vest-Grønland. Denne stamma er i dag på fleire tusen dyr.

Høg betaling gjorde moskusfangsten attraktiv

Den store interessa for fangst av levande moskus var naturlegvis dei gode prisane dei kunne få frå zoologiske hagar, og ikkje minst frå utanlandske rikmenn med private dyrehagar.

I 1900 betalte ein kjøpar i Sverige 9.200,- kroner for fire kalvar han kjøpte i Tromsø. Zoologisk Have i København betalte 3.000,- kroner for en kukalv kjøpt i Tromsø i 1903. New York Zoologiske park betalte 2.200,- dollar for to to-åringar frå Skånland i 1921 og 4.400,- dollar for fem moskus frå Sunnmøre i 1922. Dei 10 dyra som vart fanga for utsetting på Svalbard i 1929 vart betalt med 12.000,- kroner.

Peter S. Brandal gjev opp i 1900 at han fekk betalt 15,- kroner pr. tønne med selspekk, (987,- kr. i 2016 verdi), og 25-27 øre pr. kilo selskinn. Ikkje rart då at det freista med fangst av levande moskus i dei påfølgjande åra når ein kunne få 3.000,- for ein moskus. (197.454,- kroner i 2016 verdi).

I tillegg til levandefangsten var det elles skote mykje moskus. For å fange kalvane var det gjerne vanleg å skyte dei vaksne dyra i flokken. Fleire kjelder reknar tre-fire skotne vaksne dyr pr. innfanga kalv. Desse skotne dyra gjekk i kjøtforsyninga i provianten på skutene, eller vart salta i tønner og teke heim av mannskap, i tillegg skaut dei gjerne enda meir moskus for kjøt og skinn og hadde med heim. Ei oversikt i 1945 bereknar denne fangsten til å vere like over 3000 moskus.

Størst moskusjakt for overvintrarar

Skutene som var innom Nordaust-Grønland for kompliteringsfangst jakta ein del moskus. Men det var fangstfolk som overvintra som stod for hovudmengda av moskusjakta. Dei hadde stor trong om ferskkjøt, og ikkje minst mat til bikkjene. Ulike kjelder har freista å kome med ei oppsummering på denne fangsten fram til og med 1939. Ejnar Mikkelsen har henta tal frå vaktmannskapa på Aust-Grønland og gir opp 1130 skotne moskus for sesongen 1938-1939, og 3110 dyr for periode 1936-39. Mikkelsen, Giæver (1939) og Lønø (1964) har alle kome fram til eit tal på mellom 10-13000 moskus skotne av overvintrarar fram til hausten 1939.

Frå rundt 1930 og utover var det fleire som gjorde framstøyt på å få freda moskusen på Nordaust-Grønland, heilt eller delvis. Overvintrarane sjølve protesterte og hevda det var rikeleg med moskus og freding ikkje var naudsynt. Dessutan tok ikkje desse overvintrarane ut meir moskus enn det dei hadde trong om til mat til seg sjølve og bikkjene. Enkelte ishavsskipperar meinte også at det alt låg nok begrensningar for deira del då det ikkje var lov å salte eller fryse moskuskjøt for sal.

Mens Canada totalfreda moskus alt i 1917 gjekk det heilt fram til 1950 før danskane gjorde vedtak om begrensa jakt på moskus på Aust-Grønland. Som kjent vart heile Nordaust-Grønland sett av til nasjonalpark i 1974 som då også innebar ei totalfreding av moskus.

Medan stammen har hatt god vekst i Alaska, Vest-Grønland og Taimyr har stammen på Dovrefjell vakse mindre. Årsaka til dette er fleire, men mange er tekne av snøras, påkøyrt av tog, drepne av lynnedslag og andre har vandra ut og omgåande avliva.

Hausten 2006 viste teljinga på Dovrefjell 200 moskus og 60 kalvar. Talet på moskus på Dovrefjell har dei siste 10 åra vore nokså stabilt med 250 moskus etter at stamma vaks ein heil del utetter 1990-talet. Dei seinare åra har det vore fødd om lag 50 kalvar årleg på Dovrefjell.

Moskusen frå Grønland var tilpassa eit miljø utan sjukdom og parasittar. Dyra på Dovre har difor vore lite motstandsdyktige mot sjukdom som kan smitte frå husdyr, villrein og hjortevilt. I dei siste åra har det vore fleire utbrot av munnskurv og lungebetennelse. Særleg unge dyr har vore råka.

Moskusen er eigentleg ei fåreart, i slekt med sau og geit, og den fine kjøtkvaliteten er mørk men marmorert med ein mild og svak viltsmak. Den kan minne om ein mellomting av okse og får. På Ishavsmuseet har vi vore så heldige at vi har kunna servert steik av moskus nokre gongar til ein fullsett kafé.

 

Kjelder:

Ishavsmuseet sitt arkiv, ulike dokument og korrespondanse

Ivar Ytreland, «Polarminner»

Hermann Bakke «Moskusjakt på Aust-Grønland» Isflaket nr. 3-2002

Sigmund Bøe, Seilas med Polarstar, «På gyngende grunn», Ishavsmuseet 1990

John Giæver, Den norske fangstvirksomhet på Østgrønland, 1939

Adolf Hoel, Moskuser til Svalbard, 1929

Gunnar Isachsen, Norske fangstmænds færder til Grønland, 1919-1921

Isachsen & Isachsen, Norske fangstmenns og fiskeres ferder til Grønland 1922-1931.

Odd Lønø i Polarboken 1963-64

Odd Vollan, Ishavsfart

Norsk Fiskeritidende 1901, 1909, 1925

Sunnmørsposten 1908, 1947

Søndmøre Folketidende 1900

Sunnmøre Arbeideravis 1977

 

 

 

 

 

1 - Kommentarar

  1. En fantastisk och värdefull sammanställning! Stort tack!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *