Lunheim

Eigar1912 Ole S. Brandal, Brandal
1916 Elias Nørve, Ålesund, kjøpt for kr. 96.000,-
1917 R. Støkken, Sandefjord
FartytypeSelfangar
HeimehamnBrandal - Ålesund - Sandefjord
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger, Kvinnherad
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår95,2 fot
Mål i breidde, byggeår21,1 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje119,83 brt 1912
121 brt
Maskin, orginaltHaugesund MV 2 syl. comp. 105 hk
SkipperarOle S. Brandal (1912)
Ole Hofseide (1913-1914)
Gottfred Brandal (1916)
Johan Rønning (1915)
Ole O. Brandal (1917 ved forliset, 25 år)
ForlistForliste 8. eller 9. april 1917 i Vestisen med 13 mann om bord
Utfyllande opplysningar

Då “Lunheim” kom til Brandal i 1912 var denne ei kort stund den største selfangaren i bygda.

Skuta vart seld frå Ålesund til Sandefjord etter at dei avgjekk til Vesterisen 1917. Dette vart siste turen i ishavet då “Lunheim” og 5 andre skuter forsvann sporlaust under orkan i Vesterisen. Les meir om denne katastrofen her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

Dei 13 som kom vekk med «Lunheim» var:

Skipper Ole O. Brandal, 25 år Brandal (bror til «Arctic» sin skipper), maskinist Gerhard Berg, 47 år Bolsøy, skyttar Karl Severinsen, 25 år Ålesund, fyrbøtar Severin Severinsen, 25 år Ålesund, stuert Hjalmar Johansen, 20 år Tromsø, skyttar Gunnar Kjær, 26 år Tromsø, Mathias Blomvik, 19 år Ålesund, Rolf Frøland, 19 år Ålesund, Ole Elgenes, 30 år Veøy, Carl J. Henriksen, 27 år Hemmerfest, Ole J. Dyrkorn, 18 år Stordal, Nils Krøvel, 19 år Ørsta og Petter M. Ringdal 19 år Bø.

LitteraturNår Storstormen rasar, Ishavsmuseet Isflaket nr. 1-2017 Odd Vollan: Ishavsfart