Polar

Andre namnHjaltland (1908) - Shell 26 (1923)
Eigar1908 Lauritz K. Halse, Peder K. Halse og Knut E. Vatne, Ørsta
1915 Lauritz K. Halse, Peder K. Halse og Nikolai N. Liadal
1916 Magnus, Ove, Eilif, Albert og Olaus Eilefsen, Ibestad
1923 Norsk-Engelsk Mineralolje A/S, Kristiania
19?? John Olsen, Rognan
1935 P/R Polar (Gudleif & Hjalmar Holmboe og Ludolf & Thomas Schjelderup)
Reg. merkeT 15 I (1920)
T 22 T (1935)
HeimehamnTromsø
ByggeverftSkaalurens skipsbyggeri, Knut Skaaluren, Rosendal
Byggpris130 kr pr. brt
Byggeår1908
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår69,3 fot
Mål i breidde, byggeår18,5 fot
Mål i breidde etter ombygging18,9 fot 1935
Mål i djupne, byggeår8,4 fot
Mål i djupne etter ombygging12,4 fot 1935
Tonnasje52,22 brt 1908
57,54 brt 1923
60,82 brt 1935
Maskin, orginalt1917 Wichmann 80 hk
Maskin, ny1938 Wichmann 90 hk
SkipperarO. Eilivsen (1917-1919)
Alfred Hansen (1935)
Ingebrigt Ingebrigtsen (1936)
Albert Bergesen (ved forliset)
Ombyggingar Verft1934/35 stor ombygd til ishavsskute ved Rognan patentslipp og skipsbyggeri
Tidlegare namnHjaltland (1908) - Shell 26 (1923)
ForlistForliste 19. mars 1939 på veg til Vestisen. Alle 14 i mannskapet kom vekk
Utfyllande opplysningar

Bygd for å drive kystfiske og sildefiske ved Island, men også brukt til å frakte trelast frå Trøndelag til Sunnmøre.

Selfangar frå 1916.

Under namnet “Shell 26” frå 1923 går den i fraktfart med brennstoff-fat og smøringsolje på kyststrekninga Gibostad og Rørvik.

Havarerte 7. juni 1933 ved Halsa på Helgeland. Vraket tetta og slept til Rognan. Deretter sletta frå skipsregisteret. Gjeninnført som “Polar” frå 1935.

Blir ishavsskute igjen frå 1935 og endrar namn til “Polar”.

Til Svalbard med Oxfordekspedisjonen 1935.

Avgjekk til Vesterisen 15. mars 1939. 18. mars kom stormen og kl. 23 denne kvelden snakka “Polar” med “Fortuna”. Alt stod bra til då. Stormen aukar på utover natta, og ein høyrde ikkje meir til “Polar”.

Dei 14 som kom vekk ved forliset var:

Albert Bergesen, skipper, Johannes Ingebrigtsen, Erling Nilsen, Alfred Trondsen, Otto Dahl, Kaare Falck, Herolf Nilsen, Ivar Thorbjørnsen, Rolf Myhre, Eugen Edonisen, Edvard Utgaard, Karl Ingebrigtsen, Johan Johansen og Johannes Johannessen

Skipper Albert Bergesen hadde blitt berga frå “Isfjell” som forliste i Nord-Atlanteren berre nokre veker tidlegare i ein svært så dramatisk bergingsaksjon. https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/