Polaris

Eigar1914 Bergens Sælfangere A/S
1915 Peter S. Brandal
1925 Peter S. Brandal A/S
1925 Søndmøre Sælfangere A/S
1932 P/R Peter P. Brandal og Albert Hovland
1934 Ålesund Kreditbank
1934 A/S Selfangeren Polaris (Peter P. Brandal, Albert Hovland, Edv.Leira (Rieber) og Martin Karlsen - kjøpt for kr. 23.800,-
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 10 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftGunvald Ottesen, Sagvåg
Byggeår1914
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår95,5 fot
Mål i lengde etter ombygging108,9 fot 1938 - 118 fot
Mål i breidde, byggeår22,5 fot
Mål i breidde etter ombygging23 fot 1938
Mål i djupne, byggeår10,75 fot
Mål i djupne etter ombygging11,1 fot 1938
Tonnasje155,63 brt 1914
142,28 brt 1935
177,54 brt 1938
Maskin, orginaltLaxevaag 75 hk
Maskin, ny1935 Union 4 syl. semidiesel 360 hk
SkipperarBertel Chr. Landmark (1915-1918)
Mathias H. Hjelle (1919-1921)
Johan P. Runne Brandal (1921-1930)
Johan Vartdal (1931)
Peter P. Brandal (1932-1942)
Ombyggingar Verft1935 montert semidieselmotor
1937 forlengd med 4 meter og nytt overbygg ved Hatlø
ForlistForliste 16. oktober 1942
Utfyllande opplysningar

«Polaris» vart bygd for Bergens Sælfangerselskap, men vart kjøpt til Brandal etter berre eit år.

I 1920 var «Polaris» ute for storstorm 1. påskedag i Vesterisen og miste mesanmasta. Ishavsskuta «Jopeter» gjekk det verre med, den vart heilt ramponert i stormen. «Polaris» fann dei drivande og tok dei på slep attende til Brandal. Les meir om dramatikken med «Jopeter» her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/faarlegt-hav/

Johan Brandal, (Runne Johan) var skipper på gamle Polaris i Kvitsjøen. Det var i den tida dei hadde stimmaskin og segl. Klyverbom til segla hadde dei naturlegvis. Så var det ein dag dei måtte ut i dønningkanten. Det var ein vaksen dønning, fortalde Johan, som sjølv stod i tønna utigjennom. Brått ser han at klyverbommen stikk inn i ein dønning og hukar under eit stort isflak som kjem seilande på dønningen. Han Johan såg, og forsto kva som var i ferd med å hende, så han bykste ut av tønna å rende seg nedover riggen i ei alvorleg fart. Heldigvis hadde han kome seg ned under lausriggen før vaierstaget frå klyverbommen stramma seg og gjorde slik at mastra brotna der oppe med godset ein stad.

I 1938 sette Stortinget opp ein statsgaranti på 50.000,- til skutene «Polarbjørn» og «Polaris» for ein prøvetur på selfangst ved Newfoundland. Garantien fall vekk dersom dei hadde ein fangstverdi på over kr. 90.000,- Dei to skutene gjorde det svært godt og kom heim med ein fangstverdi på kr. 160.000,- Dette lokka fleire skuter, og i 1939 var det 8 skuter som la ut. Det vart storm i Nord-Atlanteren og dei tre skutene «Isfjell», «Nyken» og «Saltdaling» gjekk ned. Les meir om dramaet i 25 meters høge bølgjer her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/

«Polaris» var også på selfangst ved Newfoundland i 1940 då krigen braut ut. Den leverte fangsten og stasjonerte deretter i St. Johns og fekk etter kvart mange ulike oppdrag for dei allierte.

Lasta med flybensin eksploderte skuta mellom Cape Chidley og Resolution Island i ytre del av Hudsonstredet 16. oktober 1942. Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjend. Mannskapet berga seg i land på Labradorkysten.

LitteraturIsflaket fleire utgåver Trygve Nordanger: Dramaet i Nordatlanteren