Sælbarden (II)

Andre namnAspinet (1906) - Ullenhaug (1916) Aspinet (1919)
Eigar1906 ukjend amerikansk eigar
1916 David W. Simpson, Boston
1916 Claus M. Høye, Stavanger
1916 A/S Vesterhav Fiskeriselskap, Stavanger
1919 Albert Strand & K. Christoffersen, Kristiansund
1927 Privatbanken Kristiansund
1928 A/S Sælbardens Rederi (Erik Svendsen og Paul Lillenes)
1930 Osvald Lillenes, Tjørvåg
1932 A/S Sælfangst og Havfiske (Elling Aarseth & Co. A/S)
Fartytypenewfoundlandsskonnert
Reg. merkeM 78 K (1920)
M 255 HØ (1928)
M 140 A (1932)
HeimehamnStavanger - Kristiansund - Tjørvåg - Ålesund
ByggeverftEssex, Massachsetts, USA
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår102,4 fot
Mål i breidde, byggeår23,6 fot
Mål i djupne, byggeår12,1 fot
Tonnasje124 brt
127 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1916 4 syl. RM The New London Ship & Engine Co., Groton CN 120 hk - 1928 Bolinder 160 hk
SkipperarPaul Lillenes
Osvald Lillenes
Peder Andresen (1934-1937)
Ombyggingar Verft1928 Bolsønes innsett Bolinder og ombygd til ishavsskute
Tidlegare namn"Aspinet"
ForlistForliste ved Gorodetsk i Kvitsjøen 24. april 1937
Utfyllande opplysningar

Bygd under namnet “Aspinet” for fiske på bankane ved Newfoundland. Då båten vert kjøpt til Noreg i 1916 skiftar den namn til “Ullenhaug”. På folkemunne kalla “Mandolinen” på grunn av sin uvanleg lange baugparti. Den vert ei periode brukt i fraktfart og fiske.

I 1928 vert båten seld til Herøy og vert no ombygd til å drive selfangst. I 1929, etter ein heller dårleg tur i danmarkstredet går den til Aust-Grønland for å drive levande fangst av moskus. Meir om denne fangsten her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/moskus-fra-gronland/

I 1934 var “Sælbarden” leigt inn til å hente heim tre ekspedisjonar frå Nordaust-Grønland: John Giævers ekspedisjon, sysselmann Helge Ingstads ekspedisjon og Sigurd Tølløfsens ekspedisjon. Dei hadde også med ei ny ekspedisjon som dei sette ut: Suløya Grønlandsekspedisjon. På heimveg henta dei også Cambridge-ekspedisjonen på Jan Mayen.

Det var ein elendig fangstsesong i Kvitsjøen i 1937. Mange skuter braut av ungselfangsten og gjekk til Vesterisen. “Sælbarden” måtte bryte av på grunn av lekkasje, og gjekk til Tromsø for reparasjon. Deretter kursa også dei for Vesterisen. Men også her var det dårleg, og etter å ha fanga berre 150 sel, bestemmer dei seg for å gå attende til Kvitsjøen. 23. april var dei 4 nautiske mil frå Gorodetski. Kvelden og mørket kom, i tillegg til tjukk skodde. Men mannskapet kjende seg trygge på leia og gjekk med full fart. Men brått gjer ein observasjon av land ikkje langt fram og baugen. Ordren kom om hardt babord ror, men for seint, skuta rende seg på land med full fart. Den sterke straumen som var i området tørna skuta rundt, og under denne vridninga fekk kjølen store skadar, vatnet fossa inn på begge sider av stilken. Dei hadde gått på land på flo sjø og “Sælbarden” byrja no å krenge styrbord etter kvart som sjøen fall.

Alt av luker vart skalka då dei var redde for at skuta kunne gå heilt rundt. Ei tid etter midnatt måtte maskinene stansast då dei ikkje lenger fekk kjølevatn. Med 50 graders slagside kunne heller ikkje dekkspumpene nyttast lenger. Klokka tre på natta låg skuta nesten tørr med ei slagside på mellom 70-75 grader. Den rette seg opp etter kvart som sjøen flødde, men vatnet sto alt høgt opp i maskina før dei kunne starte lensene.

Dei måtte gje opp skuta og lasta nødvendige ting over i fangstbåtane. Deretter tok dei seg inn til land på Gorodetski.

Siste gong dei såg i skuta var omlag klokka 17.00, då låg dekket nesten jamnt med sjøflata.

Etter å ha drive til havs sokk “Sælbarden” 7 kvartmil utanfor Gorodetski fyr, omlag 400 meter av land.

Eit bergingsselskap sende i august “Fakstind” til Kvitsjøen for å prøve å ta opp vraket. mastene stakk opp av sjøen, og russerane hadde vore der å heist flagget sitt på vraket. Ved fjøre sjø låg den berre på 6 meters djupne. Men dei kunne konstatere av skuta var vrak. Skroget var knust og motoren var borte. Det einaste “Fakstind” greidde å berge var mastene.