Ishavsmuseet, kvar torsdag kl. 14 – 18 i perioden 21. august – 11. desember 2025
Stor potetball-buffet med potetball, saltkjøtt, flesk, pølse, bacon, rabbe og potet, inkl. mjølk og kaffi, kr. 240,-
Ny Polarkveld på Ishavsmuseet:
10. oktober kl. 19.00 får Ishavsmuseet vitjing av Øistein Jakobsen som i hovudsak vil fortelje om selfangst i Austisen. I foredraget skal vi tilbake til 1980-talet. Vi får vere med isbrytaren med kallesignalet LDQJ – M/S «Norsel» i Austisen, og oppleve livet om bord. Overfart, den første isen, livet i messa og på dekk blir vi fortalt om.
Lutafisk på Ishavsmuseet 7. november 2025
Ishavsmuseet inviterar til årets etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør, fredag 7. nov. kl. 19.00.
På forsøksfangst etter Crabeater-sel i Weddelhavet med m/s «Polarhav» i 1964 Av skipper Sigmund Bøe
Vi hadde gjort vår årlege fangsttur til Newfoundlandsfeltet med svært godt resultat. Vi hadde med helikopter på denne turen, og det var til god hjelp under fangstinga. Reiarane våre, Rieber og Karlsen, hadde ei tid arbeidd med planer om ein prøvetur til Antarktis for å undersøke om det var mogeleg å drive selfangst der på lønsam basis. No tok dei dette opp att for alvor, men dei møtte lite samarbeidsvilje frå dei ymse autoritetar. Der var vel litt storpolitikk inne i bildet, då Norge hadde vore med og sett opp traktatar og avtalar vedrørande utnytting av naturressursar i Antarktis, og stort sett var det forbod mot all næringsverksemd i sjølve Antarktis.
– At ein no har funne vraket av ei av 1952- skutene, er kort og godt ein sensasjon, seier dagleg leiar ved Ishavsmuseet Aarvak, Webjørn Landmark.
Det var mellom 2. – 6. april i 1952 at fem skuter frå Troms og Sunnmøre forsvann sporlaust under ein orkan i Vesterisen. Frå Troms: «Brattind» med 14 mann, «Ringsel» med 14 mann og «Vårglimt» med 16 mann. Frå Sunnmøre: «Buskø» med 20 mann og «Pels» med 14 mann. Skip og fly leita i lang tid, utan å gjere funn som kunne kaste lys over katastrofen. 71 år etter gjorde den islandske trålaren «Videy» eit vrakfunn. Dette syner seg å vere ishavsskuta «Brattind».
På mirakuløst vis bergar to menn livet. Elleve andre omkjem i det iskalde frodande havet.
Skrive av Johannes Bjarne Alme
Klokka 05:12 om morgonen måndag 11. februar 1974 kallar skipper Oddvar Simonsen på «Lance II» opp Vardø Radio og fortel at dei har grunnstøytt på veg frå Vadsø til Båtsfjord, i nærleiken av Makkaur. Han ber om at fartøy i nærleiken kjem til unnsetning