Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 22. februar kl. 19.00

Kaptein Harald Landmark Marø

Johannes Alme og Martin Karlsen held foredrag om ishavsmann og kaptein Harald Landmark Marø på Ishavsmuseet fredag 22. februar. kl. 19.00

Harald er fødd 7. mars 1917 på Brandal. Eit år etter flytta familien til eit lite gardsbruk i Slevika i Borgund. I følgje han sjølv gjekk mesteparten av oppveksten føre seg i fjøra. Dei fire brødrane holt mykje lag, eldstebror Bernt var høvedsmann med tvillingane Henrik og Kristoffer jr. og Harald som ivrige medhjelparar. Harald, den siste av borna til Kristine og Kristoffer Marø er no 102 år gammal og bur i eige hus i Halifax – NS, Canada.

På oppdrag for Ishavsmuseet besøkte Martin Karlsen og Johannes Alme, Harald Marø i Halifax NS i 2018. Dei to møtte ein sterk og klar 101 åring, med snert og humor i forteljinga.

Som unge fekk Marø-borna kome om bord i skutene som far Kristoffer var skipper på og vere med å pusse. Som 15-åring var Harald på selfangst for første gong, sjølvsagt med «Polarbjørn». Turen gjekk til Kvitsjøen, der russarane hadde jaga ned all selen med isbrytar og skremd den inn for grensa. Sidan vart det ishavsliv og sjøliv på Harald.

Under 2. verdskrig seglar Harald som styrmann på fleire båtar, og vert torpedert to gongar.    1. mars 1942 DS vert «Prominent» senka 250 NM sør for Java, Harald er 2. styrmann. Etter 5 døgn i livbåt og to døgn gjennom jungelen kom mannskapet til byen Garut på Java.  Harald vert sitjande tre år i japansk fangenskap.

Etter krigen vert Harald styrmann på den nye stålskuta «Polarstar», før han flyttar til Canada og vert skipper på «Illinois», og bergar mannskapet til «Polarbjørn» når denne brenn på Newfoundlandsfeltet. Året etter vert han skipper på «Theron» der han vert verande i 26 år med turar på selfangst og ekspedisjonar. Harald har namnet sitt på kartet både i Arktis og Antarktis.

Johannes Bjarne Alme bur på Brandal. Han har vore med «Polarstar» på selfangst og i turistfart på Svalbard. Emna polar, selfangst, Svalbard og historie er hans store lidenskap og hobby. Han har gjeve ut både faktabøker og romanar med polart tema.

-Grunnlaget for mi interesse for Ishavet skuldas at eg er frå ishavsbygda Brandal, samt at eg har ein far som har fortalt om og hatt kunnskap om emnet, seier Alme. Ishavsmuseet er ei vidare kjelde for denne interessa.

Martin Karlsen er også fødd og oppvaksen i ishavsmiljøet på Brandal. Som ung fekk han brei innføring i familiens reiarlag, Martin Karlsen AS, og han reiste tidleg over til Canada for å hjelpe onkel Karl «Kalle» Karlsen med å drifte anlegget der. Han tok over denne drifta i 1986.

Etter foredraget vert det servert skikkeleg ishavskost på museet med saltkjøt, flesk og erter. Påmelding for middag.