UNDERVINSINGSOPPLEGG

Ishavsmuseet Aarvak er ein fantastisk arena for undring og læring. Ein kan nytte museet til mange tema innan mange fag. Ein kan vektlegge det kvar enkelt lærar meiner er viktig innanfor dei forskjellige faga. Læraren kan også nytte personalet ved museet. Dei er kunnskapsrike og har lang erfaring i dei fleste emne.

Dette er meint som dokument med forslag til undervisning. Alle grupper står sjølvsagt fritt til å lage eigne opplegg, eller, om dei vil, nytte dette eller delar av dette dokumentet. Det er også mogleg å lage undervisningsopplegg i for- eller etterkant av ei vitjing til Ishavsmuseet, td byggje modellbåtar, fordjupe seg i dyreartar, lokalhistorie, eller liknande.

Opplegga her er laga i eit forsøk på å dekkje ein del av kompetansemåla i læreplanane, for dermed frå museet si side å kunne gi eit best mogleg tilbod. Ein kan også trekkje inn andre fag, som norsk, engelsk, matematikk og kunst og handverk. Her er det natur og miljø og samfunnsfag som er vektlagt, med unntak av ein aktivitet i engelsk, men moglegheitene til å involvere andre fag er mange.

Til begge opplegga er det ein del fargeleggingsark og enkle oppgåver som kan brukast på forskjellige måtar og i tillegg er her eit polarquiz (eige dokument) som kan tilpassast dei forskjellige aldersgruppene. Ein del av aktivitetane i 1.-4. klasse-opplegget kan passe til 5.-7. klasse, t.d kartoppgåva, og omvendt.

Det skjer stadig ting ved Ishavsmuseet Aarvak, så vi vil også tilpasse undervisningsopplegga etter kvart som utstillingane ved museet utvidar eller endrar seg.

Håper de vil ta turen til Ishavsmuseet Aarvak, eit levande museum i hjartet av Sunnmøre.

Vi har satt opp undervisningsopplegg for skuleelevar, 1–4 klasse, 5–7 klasse og 8–10 klasse. Last ned PDF dokumenta her.