På selfangst i Austisen

Ny Polarkveld på Ishavsmuseet:

10. oktober kl. 19.00 får Ishavsmuseet vitjing av Øistein Jakobsen som i hovudsak vil fortelje om selfangst i Austisen.
I foredraget skal vi tilbake til 1980-talet. Vi får vere med isbrytaren med kallesignalet LDQJ – M/S «Norsel» i Austisen, og oppleve livet om bord. Overfart, den første isen, livet i messa og på dekk blir vi fortalt om.

Vi får vere med i førstelinja om bord i fangstbåten mens den bakse seg gjennom isen til flaket – der selen ligg. Når skota går, flåinga på isen og om bord, skinn, skrottar og blod. Alt dokumenter gjennom Jakobsen si linse.
Bildeserien er slik livet var i Austisen på 80-talet. En dusj pr. mann pr. tur. Den lengste turen var nesten to månadar. Men alle mann var jo i same båt, så då så. Når tok man dusjen kan ein lure på? Svaret kjem i foredraget.

Fotosamlinga er i dag ein del av vår felles kulturarv og blir teken vare på til evig tid. Jakobsen har donert alt materialet til Polarinstituttet i Tromsø.
Jakobsen er sjølv fødd i 1958 og har fått namn etter sin bestefar, han Øistein Jakobsen. Bestefaren var ein av dei som i si tid etablerte reiarlaget Brødrene Jakobsen i Tromsø. Eit reiarlag som er synonymt med selfangst, polare ekspedisjonar og isbryting. Men historia hans går enda lengre tilbake, heilt til 1800-talet og til tippoldefaren, han Paul Bjørvig, ei legende i norsk polarhistorie som starta på ishavet alt som 13-åring. Dette kjem Jakobsen også inn på i foredraget.

Sjølv passerte Øistein 82°N som 5-åring. «Tidleg krøkes skal …» som det heiter.
Våren 1981 mønstra han på «Norsel» for første gong for å vere med i Austisen, utlaupet til Kvitsjøen der Kapp Kanin og Murmansk er landemerke på kvar si side. Det blei etter kvart fire sesongar i Austisen. Der i frå gjekk vegen vidare til skulen, og han blei etter kvart fiskerikandidat frå Norges Fiskerihøgskule i Tromsø.

Det må vel nemnast at den siste sesongen så «skulka» han frå studiane for og vere med på ishavet. I sitt vaksne liv har Øistein Jakobsen jobba i sjømat næringa som eksportør, prosjektleiar, marknadssjef og forskingssjef. Han har vore innom alle dei tre store; pelagisk, kvitfisk og laks. Han er en «faren fant» der arbeidet har ført til bustad. Også i Ålesund har han hatt bustad då han jobba på Valderøya ei periode.
Ishavet har han aldri gløymt. Det skal nok noko til for å gløyme slike eventyr.

“Da tar vi tampan og setter kursen Østover. Velkommen om bord skal dokker være”, helsar Øistein Jakobsen.

Etter foredraget til Jakobsen vert det servert middag i museet, og denne gang står det biff av sel med godt tilbehøyr på menyen. Billett finn du her:

foredrag og mat