Polarkveld om Arktisk Jaktsafari på Ishavsmuseet

Fredag 30. august kl. 19.00 er det Kjell G. Kjær som opnar haustens runde med polarkveldar på Ishavsmuseet, med føredraget «Arktisk jaktsafari 1859 – 1909» Frå byssa på museet vert det, passande nok, servert steik av moskus.

Kjell Kjær har kome med bok om jaktsafari i arktis i perioden 1859-1909, og føredraget på Ishavsmuseet vert også ein bokpresentasjon.

Kjell-G. Kjær kjem frå Tromsø, og har studert historie ved Universitetet der. Han er forfattar av ei rekkje artiklar i årbøker og i «Polar Record» som vert gjeve ut av Universitetet i Cambridge, og Kjær har hatt fleire artiklar i Isflaket. Tema i artiklane har vore Ishavet, skip, arktiske ekspedisjonar og fangst.

I 2012 gav Kjær ut boka Tragedien i Svenskhuset saman med Ulf Aasebø, og  i 2016 kom boka Ishavsfarerne 1859 – 1909. 

Europas aristokratar var dei første turistane på Svalbard

I foredraget på Ishavsmuseet får vi høyre at det i første omgang var britiske adelege med erfaring frå storviltjakt i Afrika, Asia og Sør-Amerika som ville nordover på jaktsafari. Etter kvart melde adelege og kongelege på kontinentet seg på, og då dei meir organiserte jaktcruisa kom i gang etter 1890, vart tilbodet også attraktivt for rike amerikanarar. Dei kom nordover å leigde ishavsskuter til sine jaktturar, andre hadde eigne yachtar. Dei leigde gjerne inn erfarne skipperar til islosar og skyttarar. Kvaliteten på fangstskutene dei leigde kunne også skape konflikt. Adelen frå Europa var oppvoksne i luksus og lite imponerte over både størrelsen og lukta i dei trange lugarane. Det var heller ikkje mykje krystall med høg stett om bord ishavsskutene.

Den skotske godseigaren James Lamont var ein av dei første som let seg inspirere av Dufferins skildringar. Han gjennomførte i alt fem jaktekspedisjonar til ishavet, og skreiv fleire bøker om turane.

Det var fleire profesjonelle selskap som marknadsførte dette, til dømes Vesteraalens Dampskibsselskap og Arktisk Sports Bureau i Tromsø, men aller størst var turistverksemda til William Bade.

Kjær vil fortelje om mange ishavsjegerar med fine titlar, mellom andre markien av Ormonde, baron Henry Gore-Booth, keisar Wilhelm II, grev Otto von Zedlitz og grev von Westerholt, men den som tok kaka, meiner Kjær, var hertugen av Orléans.

Hertugen var eksilkonge av Frankrike, men gjorde likevel alt for å leve opp til statusen som statsoverhovud. Da han i 1905 ville leige polarskuta Fram, sa styresmaktene først ja, men tvert nei da hertugen insisterte på å segle under fransk flagg.

Hertugen hadde med seg både kammerherre, livlege og butlar på turane. Det var skikkeleg stil. Da han felte ein isbjørn, serverte butlaren champagne, og det franske flagget gjekk til topps mens butlaren stemde i den franske nasjonalsongen, fortel Kjær.

I foredraget på Ishavsmuseet får vi også høyre historia om den første kvinna som skaut isbjørn på Svalbard.

Desse første adelege på jaktsafari til Svalbard sette også mange namn på øygruppa som framleis er i bruk.

Det vert høve til å få kjøpe signerte bøker etter foredraget. I kafeen på museet står det steik av moskus med godt tilbehøyr på menyen. Påmelding for dei som ønskjer middag.