Polarstar 75 år
Torsdag 24. august
Polarkveld med isbjørnforskar Thor Larsen kl. 19.00. Potetball kl. 14.00-18.00
Thor S. Larsen er biolog og har arbeida internasjonalt med forvaltning av miljø og naturressursar. Han er særleg kjent for sitt arbeid med isbjørn og var ein pådrivar for inngåinga av isbjørnavtalen i 1973. I fleire år var det «Polarstar» som var ekspedisjonsbåt for forskingsturane til Larsen.
Larsen studerte ved Universitetet i Oslo, der han i 1966 ble cand.real. Etter dette fortsette han studia ved University of Minnesota i USA. Larsen blei i 1985 dr.philos. ved Universitetet i Oslo. I 1972 starta han ved Norsk Polarinstitutt, der han var leiar for biologisk avdeling fram til 1985. Etter å ha arbeida i Norconsult, var han frå 1985 til 1988 første-amanuensis ved Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar – Noragric. Larsen blei seinare professor II ved Noragric. Han arbeida så for Norad i Zambia til 1990, då han vende tilbake til Norsk Polarinstitutt som forskingsdirektør. I 1991 vart han spesialrådgivar i Norad, før han i 1995 vart leiar for senter for internasjonale miljø- og utviklingsstudiar ved Norges landbrukshøgskole. Frå 2001 var han forskar ved UMB og rådgivar for UNEP/GRID-Arendal.
Larsen har forska på dyrebestandane i polarområda så vel som i tropiske strøk. Han starta med studiar av isbjørn på Svalbard på midten av 1960-talet. Larsen har i sitt internasjonale verke vore særleg oppteken av forvaltning av miljø og naturressursar.
Thor Larsen kjem til Ishavsmuseet for å fortelje meir om sitt arbeid som isbjørnforskar, og då med vekt på turane med «Polarstar». Og som Thor seier: «Turene med Signalhorn med Bjarte Brandal som skipper er også uforglemmelige».
Billett kr. 125,- Førehandssal www.ishavsmuseet.no eller i døra.