Tradisjonsmat med gammalsalta sei på Ishavsmuseet

Har du prøvd gammalsalta sei? No har du sjansen fredag 1. mars på Ishavsmuseet kl. 19.00

Gammalsalta sei, raudsei eller saltsei høyrest kanskje ikkje veldig freistande ut i seg sjølv, men har du først smakt det, vert du hekta. Ishavsmuseet er opptekne av formidling av både historie og tradisjonsmat, men det er første gong museet serverar gammalsei.

Gammalsei er moden salta sei på tønne. Seien vert fiska i sommarhalvåret og vert salta utan å bli bløgga, og den skal ha ein viss modningstid. Gammalsei har vore ein velkjent del av sjølvberging langs kysten vår, men produktet har i mindre grad vorte marknadsført ut over det regionale. Berre i ei avgrensa grad er denne svært varierande skikken dokumentert. I dag vert gammalsei marknadsført som tradisjonsfisk.

Gammalsei er eit produkt som er basert på konserveringsmetodar frå før moderne fryseteknikkar vart vanleg. Det handla også om rasjonelle arbeidsmetodar når store fangstar vart tekne på land, og har stor likskap til behandling av sild, som også vart tatt i store fangstar, noko nemninga speka sei går på.

Langs heile norske kysten har det gått føre seg seifiske i sommarhalvåret. Dette var eit svært variert fiske, frå små robåtar der det vart fiska med snøre, til notlag som fiska med søkkenot. Om sommaren beita seien på rauåte, og dette skapte karakteristiske variasjonar i produktet.

For salting har sei av ein viss storleik vore å føretrekke.

I sommarhalvåret var tørking av fisk ein usikker metode fordi insektangrep kunne gjere store skader. Kun i Troms og Finnmark vart sommarseien hengt til tørrfisk fordi den, fram til 1920, kunne seljast til Russland gjennom pomorhandelen. Lenger sør på kysten måtte fisken saltast om kvaliteten skulle bli akseptabel. Det vanlege var då å salte og tørke som klippfisk, eller den kunne bli liggande i tønna og modne. Det vart gjerne gjort på den måten at fisken blei flekt og lagt lagvis med grovt salt.

Gammalsei i tønne treng minst eit år for å oppnå den rette smaken, og den vert rekna som best to år gammal. Saltsei, raudsei og gammalsei har ikkje vore eit fiskeprodukt for eksport. Det har vore kvardagsmat for folk langs kysten. Saltseien har også inngått i eit varebyte mellom folk på kysten og fjordfolket. I dag vert gammalsei marknadsført som tradisjonsmat og ei delikatesse i kystnorge, både på spisestadar og som vakuumpakka daglegvare.

Påmelding til Ishavsmuseet.