Utforsking av Nordaust-Grønland

Utsolgt for middagsbillett – ledig til foredrag.

Polarkveld på Ishavsmuseet 21. april kl. 19.00
Utforsking av Nordaust-Grønland
Langt oppe mot nord og omringa av enorme ismassar ligg Nordaust-Grønland. I dag verdas største nasjonalpark, og sett vekk frå mannskapet ved Sledepatrulja Sirius, og eit par vêrstasjonar, er dette området tomt for menneske. Men i byrjinga av 1900-talet var Nordaust-Grønland heimstad for danske og norske fangstmenn, som med mange mil til nærmaste nabo busette seg på kysten for og drive jakt på rev og isbjørn for sal i Europa.

Peter S Mikkelsen På Slæderejse 1978

«Floren»-ekspedisjonen med Severin Liavaag som leiar i 1908 var dei første. «7de Juni»-ekspedisjonen med Vebjørn Landmark som leiar drog ut året etter, og dei to Brandal ekspedisjonane møtes i iskanten. Den eine på heimveg, dei andre på veg inn gjennom isen. Etter desse to ekspedisjonane vart det eit lite opphald i overvintringane på Nordaust-Grønland, men frå 1920-talet av vart det årvisse ekspedisjonar frå Noreg og Sunnmøre, der dei bygde mange hundrede hytter i området, og jamvel freista å okkupere landområdet der. Myggbukta vart åstad for okkupasjonen i 1931, og Helge Ingstad vart sendt opp der som sysselmann.
Spor frå denne periode finst enno og har i dag fått ny verdi. Nordaust-Grønland er eineståande urørt, vakkert og storslått, og i tillegg kjem ei unik historie, som på fleire områder har hatt avgjerande innflytelse på situasjonen i dag for Grønland, nasjonalt og globalt.
Det er Peter Schmidt Mikkelsen som tek turen frå Danmark for å fortelje oss meir om dette. Han er forfattar, tidlegare Siriusmann i åra 1977 til 1979, ekspedisjonsleiar, og han er tilknytt ei rekkje arktiske forskingsinitiativ og -senter. I 1992 var han med å stifta Nordøstgrønlandsk Kompagni NANOK og har sidan 1999 vore direktør for NANOK.
I 1991 var Mikkelsen på Sunnmøre og snakka med fleire av dei eldre overvintrande fangstmenn frå Nordaust-Grønland, og i 1994 gav han ut boka «Nordøstgrønland 1908-60, fangstmandsperioden» som av mange vert sett på som sjølve «bibelen» over all fangstverksemd i Nordaust-Grønland. I 2019 kom boka i etterlengta nytt opplag, med omtrent 50 % fleire sider enn 1994-utgåva. Der er også meir enn 1.100 nye og historiske foto av hyttene, menneska og stader – nesten tre gangar så mange foto som originalutgåva. Boka inneheld også ei lang rekke nye opplysningar om kvar einaste hytte, hus og stasjon frå fangstmannsperioda, om folka som har brukt dei, og om det arbeid som er gjort dei siste 25 åra for å bevare alle desse historiske fangsthyttene. Peter Schmidt Mikkelsen har gitt ut fleire bøker som omhandlar Grønland, og fleire av desse vil det vere mogleg å kjøpe etter foredraget.
Det vil i kjend stil verte servert middag etter foredraget og denne gong er det steik av moskus med godt tilbehøyr som står på menyen. Husk påmelding for middag, begrensa med plassar.
Billett foredrag kr. 150,- Foredrag og moskusmiddag kr. 390,-