Historia til Ny-Ålesund er både spanande og dramatisk. Ved fleire høve gjennom dei siste 100 åra har heile verda hatt sine auge på nyhende frå denne verdas nordlegaste by.

Den engelske kvalfangaren Jonas Poole kunne alt i 1610 fortelje om store førekomstar av kol på sørsida av Kongsfjorden. Fleire kvalfangarar og ekspedisjonar nytta seg av å bunkre kol i Kongsfjorden når dei var i området, men det skulle gå meir enn 300 år før nokon lukkast med å starte kolgruve her.

Det var dei driftige sunnmøringane Peter S. Brandal, Michael Knutsen, Trygve Jervell og Trygve Klausen som den 14. desember 1916 danna selskapet Kings Bay Kul Comp. A/S.