Den sunnmørske fangsten under Grønland kan daterast attende til 1900, då Peter S. Brandal gjekk heilt opp til Claveringsfjord. Han var der kvart år sidan, til 1908. Like eins fangsta bror hans, kaptein Ole S. Brandal under Grønland dei same åra, og ein tredje bror, Lauritz S. Brandal, i 1904, i 1906 og 1908.

Landet hadde mykje og by på, og dei fangsta mykje dyr på desse turane som gjerne var ei forlenging av selfangsten i Vesterisen, og sommarfangsten i Stredet. For å få til ein rasjonell fangst her, ville dei prøve og gå i land for å bu der vinteren over.

Etter eit mislukka forsøk i 1905, vart ”Floren” utrusta med tanke på overvintring i 1908. Dei kom seg velberga over havet og gjennom isbeltet ved Grønland, og dermed vart «Floren»-ekspedisjonen den første norske overvintringsekspedisjon på Nordaust-Grønland, og mannskapet på «Floren» bygde dei første hyttene i dette framande landet, ei på Kapp Wynn og ei på Kapp Borlase Warren. Skuta låg vinteren over i Germaniahavn.