1898 vart eit merkeår for fiskarane frå Sunnmøre. Severin Brandal, far til Peter S. Brandal, gjekk i brodden for å få i stand selfangst frå Sunnmøre. Begge karane hadde under torskefiske på Finnmarka alt i fleire år merka seg at skøytene der kom inn lasta med skinn og spekk frå sel.

Severin hadde stor hug for å prøve dette, og sonen Peter ville også vere med. Dei bestemte seg for å ruste ut for selfangst.

Såleis vart «Minna» isforsterka og utrusta for selfangst i 1898. Severin gjekk ut med «Nils Liaaen» som første skute 28. april 1898, dagen etter gjekk Peter S. med «Minna», og ei tredje skøyte, «Sleipner» med skipper Jonas Fuglevik, hengde seg også på og gjekk ut 13. mai. Dette vart starten på ein ny og viktig næringsveg for heile Sunnmøre, og kanskje spesielt for bygda Brandal, og Ålesund. Første året mønstra dei med skyttarar frå nord for å skaffe seg lærdom på ishavet. For pionerane frå Sunnmøre var både gange i isen og fangst av pelsdyr heilt nytt.