Under andre verdskrig fekk den tyske krigsmarine bygt nokre fartøy som var konstruert for isbryting, berging og havgåande sleping. Fartøya vart bygt av stål ved Kalnes MV i Tønsberg, Aker MV i Oslo og i Åbo i Finland. Somme av fartøya var uferdige då krigen slutta. Dei solide og velforma skroga vart i åra etter krigen ombygt og ferdigbygt til tenlege ishavsskuter for reiarar i Tromsø til bruk i fangst ved Newfoundland. Slik kom ishavsskutene «Polarsirkel», «Norsel», «Norbjørn» og «Norvarg» til.
Det femte av dei tyske, isgåande fartøya var «Fættenfjord». Båten vart levert frå Akers MV i 1942. Båten målte 152 ft / 566 brt og hadde to dieselmotorar av fabrikatet MWM, kvar av dei på 700 hk, som framdrift. «Fættenfjord» vart senka i kamp på Trondheim hamn i 1943. Herøy-reiaren Rolf Ervik, som under krigen og i første åra etter krigen budde i Trondheims-området, kjøpte det senka fartøyet og fekk det reparert og ombygt. Då reparasjon/ombygging var ferdig, fekk fartøyet namnet «Herøyfjord» og vart nytta i kolfart på Svalbard og i transport ved gjenreisinga av det nedbrende Finnmark.
I 1949 vart «Herøyfjord» bortleigt til ishavsreiarlaget Brødrene Jakobsen i Tromsø til bruk i selfangst ved Newfoundland. Skipper var Guttorm Jakobsen, ein av Jakobsen-brørne. «Herøyfjord» viste seg som ei godt eigna skute i isen ved Newfoundland og tok storfangst på 20 000 dyr og 350 tonn spekk. Skuta hadde eit mannskap på 41 personar.
I 1949 vart gamle «Polarbjørn» øydelagt i ein brann på fangstfeltet, og «Herøyfjord» tok med Polarbjørn-mannskapet på 25 heimover. Med det var der 66 personar om bord i «Herøyfjord» på heimturen.
Om «Herøyfjord» hadde gjort det godt på fangstfeltet og teke storfangst, var skuta heller dårleg utrusta for sikring av last. På heimturen forskauv lasten seg, skuta fekk sterk slagside, og eit stykke vest for Runde måtte begge skipsmannskapa evakuerast frå skuta. Første fartøy som kom til, var lastebåten «Cetus». Seinare kom ishavsskutene «Brandal» og «Flemsøy» til, dei var begge på heimtur frå selfangst i Vestisen. Dei to ishavsskutene tok opp folka, slik at ««Herøyfjord»» forliser. Alle dei 66 frå havaristen vart berga.
Blant dei som vart berga frå «Herøyfjord», var Lars Petter Brandal frå Brandal, som var førstereisgut med «Polarbjørn». Han fekk med seg to forlis på førstereisturen – noko som truleg er i toppklassen i sitt slag.
Også bergingsfartøyet «Draugen» frå Ålesund kom til. «Draugen» gjorde ein freistnad på å slepe havaristen etter at folka var evakuerte. Men under slepinga gjekk havaristen ned. Utviklinga i situasjonen som førte fram til forliset og bergingsaksjonen er utførleg skildra av Odd M. Heide Hansen i Ishavsskutenes historie III og Johan Ottesen i Skuter på selfangst (B. A. Brandal; K. J. Brandal; Solheim: Intervju. Hansen 2000; Ottesen 2007).