Då branddølingane trudde moskusdyra på Aust-Grønland var vandrande hus. Ole S. Brandal var første nordmann på Aust-Grønlands jord nordafor 70 grader.

Det er ikkje vanskelig å sjå at Hau-Ole i Brandal har vore ein kjempekar. Den gongen han sto i sin beste bragde, var han sikkert slik som vi gjerne trur våre gamle vikingfedre såg ut: dryg over herdane, raudt, logande hår med frisk hamletfarge, djerv i fåre og romfræk både i matfat og drykkehorn.

På ein sjapp i Bergen skal dette ha hendt:

Hau-Ole sat i godt lag med gode kamerater. Så kjem det ei kjempe til, ein som mykje godt livnærde seg å fara rundt og dra krok med folk etter å ha fått dei til å våga ein viss pengesum. Framandkaren kan vi difor gå ut i frå hadde den teknikk som var truvande for eit slikt «yrke».

Lenge fallbaud han kunsten sin. Men ingen tok oppunder. Tilslutt vart han Hau-Ole lei. Han daska hundrekronaren i bordet og bad kjempa legge i mot ein liknande lapp. Mannen beit seg i lippa, men la setelen på bordet.

So drogst dei. Han Hau-Ole vann. Roleg sopa han hundrelappane opp i loven sin og mælte: «Du va» slett ikkje veike – -».

No sit vi her i dei romslege stovene hans oppi «Holine» i Brandal. 80- åringen er dryg over hendene og i godt hold enno. Han har same friske andletsfargen. Men håret er kvitt og beina vert litt styrare enn før. Ikkje anna å venta. Han har trødd vide på kloden med dei – sume plassar der menneskeføter aldri før har gått.

– Vi var ti syskjen, så det var ikkje råd å legga seg til heime, seier han longt. Og ikkje treivst vi heller med det. 17 år gamal strauk eg til sjøs. Ole S. Brandal

Så fortel Hau-Ole målande og med episk styrke om korleis han lærde å koke gjær og bake brød av ein svensk baron, om den gongen båten vart lens for poteter, kom innunder St. Helena og vart hjelpne av engelskmennene der, og mannskapet samstundes fekk sjå hytta og stallen til sjølvaste kaiser Napoleon.

– Korleis var den?
– Tja, eg hugsar det ikkje så grant, det er heile 62 år sia. Men størrelsen var omlag som ei torvløe – raudmåla og pene var dei båe to. Det var elles på den uteseglinga eg møtte dei ålesundarane i Freemantle i Australia, to brør som nettopp hadde rømt frå ein engelsk lastebåt og no skulle slå seg på gullgraving.

– Kven var det?
– Brørne Aslak og Ole Solbjørg. Dei hadde ingen anna ting enn det dei gjekk å sto i og so ei hakke og ei skufl.
– Fann dei noko?
– Jamenn gjorde dei det. Men før dei kom så langt, hadde dei vore borti mange ting, hadde vore nær ved å tysta i hæl og fått hjelp av dei innfødde. Ole fekk elles fri reise av engelskmennene til Ny Guinea for å grave gull der. Men han drog på seg feber og måtte reise som blindpassasjer heimatt til England.

Hau-Ole har mange sidesprang under forteljinga, fortel så flytande og har så mykje stoff at det er vanskeleg å avgrense seg.

– Vi vil gjerne høyre om ishavsferdene dine. Både far din (Severin Brandal) og bror din (Peter Brandal) var pionerar i ishavet frå våre kantar. Korleis kom dei inn i dette livet?

– Det byrja med at bror min, Nils, kjøpte seglskuta «Havfruen» som han hadde lagt ishud på og tenkte å setja inn i ishavsfart. Så kom han burt under linedraging på torskebankane. Då var det at far og Peter kom til meg og bad meg ta over skuta. Ærleg tala så var eg ikkje lysta på det. Eg var stimbåtførar i denne tida, og det ga bra økonomisk resultat. Ishavsnæringa var mykje meir utrygg.

Far og Peter, som hadde drive i Vesterisen før, hadde til denne tid rusta ut skutene sine frå Tromsø med nordnorske skyttarar. Men desse skyttarane hadde så mykje for dette arbeide sitt at det ikkje var tale om å få balanse i drifta for skutene frå Brandal. Vel, eg gjekk med på å ta «Havfruen». Så hyrde eg to av mannskapet på den skuta far hadde rusta ut frå Tromsø – som skyttarar. Peter, som hadde seglskuta «Minna», tok to av mannskapet sitt og gjorde til skyttarar. Såleis gjorde vi oss fri nordlendingane og rusta oss ut frå Ålesund, ti mann på kvar av skutene.