«Aarvak» vart bygd ved Kristian Dekkes skipsbyggeri, Laksevåg ved i Bergen, i 1912. «Aarvak» var bygd for Bergens Sælfangere AS. Fram til andre verdskrig vart ishavsskuter bygde med kutterskrog.

«Aarvak» vart bygd med skrog i kryssarfasong. Dette var med på å gjere skuta spesiell alt frå starten av. «Aarvak» var eit av dei første spesialbygde ishavsfartøya på Vestlandet. Som ny var «Aarvak» 90 fot lang, 21.6 fot brei, 10.6 fot djup og fekk ein dampmaskin på 74 ihk frå Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri. Namnet sitt fekk den truleg frå Norrøn mytologi. Årvak er namnet til den eine av to hestar som dreg sola over himmelkvelvingen.

Seld til Peter S. Brandal i 1915

Bertel Chr. Landmark frå Brandal var tilsett som oppsynsmann i byggetida. Han vart også vidare skipper på skuta dei første fire åra før skuta vart seld til Peter S. Brandal i Brandal i 1915. Då tok broren Vebjørn Landmark over skipperjobben på «Aarvak». Lengst fartstid som skipper på «Aarvak» hadde Johan S. Brandal som var skipper ombord i 30 år.

«Aarvak» vart innkjøpt til Brandal midt i den sterke oppgangstida som ishavsnæringa hadde under den første verdskrig. «Aarvak» fekk fiskerimerket M 8 HD. I dei økonomisk vanskelege tidene mot slutten av 1920-talet og på 1930-talet, skifte skuta eigar fleire gonger. I 1925 vart skuta overførd frå Peter S. Brandal til Peter S. Brandal AS. I 1927 overtok A/S Søndmøre Sælfangere skuta og i 1932 vart den ført over på Peter S. Brandal & Co AS. I 1933/34 er det AS Polarbjørn som rår over skuta.