Norsk ishavsverksomheit på Aust-Grønland hadde sitt sentrum på Sunnmøre, særleg i Ålesund og Brandal. Selfangarane frå Sunnmøre var alt i 1900 på land på Nordaust-Grønland, og den første overvintringsekspedisjonen fann stad i 1908-09. Det var «Floren» – ekspedisjonen med sju mann og Severin Liavåg som leiar. «7 de juni»-ekspedisjonen med Vebjørn Landmark som leiar reiste opp i 1909. 

Dette var pionerane som no hadde bevist at det gjekk an å overvintre her. Diverre så døde medlemar på begge ekspedisjonane, og utbyte var heller skralt, så det gjekk nokre år før dei neste ekspedisjonane vart rusta ut for overvintring.