Kings bay 100 år

Statuen av Peter S. Brandal på 100 års dagen for Kings Bay

Det er i dag, 14. desember, 100 år sidan Peter S. Brandal, Michael Knutsen, Trygve Jervel og Trygve Klausen stifta selskapet Kings Bay Kul Comp. AS i Brandal City.

I byrjinga av august 1916 gjekk Peter S. Brandal rundt i Kongsfjorden på Svalbard og vurderte om han skulle slå til på kjøp av rettigheitene til å drive kolgruve der.

Han hadde fått tilbod frå Høyesterettsadvokat Trygve Klausen som handla på vegne av Ålesund by, som igjen hadde fått tilbod frå Green Harbour Coal Co. om å kjøpe rettigheitene til kolfeltet i Kings Bay.

Så, den 14. august 1916, har Peter S. Brandal bestemt seg. Han fornyar okkupasjonen av Kings Bay, og på anneksjonsskiltet er det hans namn som står sist den dag i dag, anneksjon fornya 14. august 1916. Det var den dagen han bestemmer seg for å satse 250.000,- kroner på rettigheitene til kolfeltet.

 I seks veker var han der og planla gruveanlegget og byen sin, Brandal City.

Dei kom attende til Brandal i byrjinga av september. Rettigheitene til kolfeltet vart overført til Peter S. Brandal den 23. september 1916.

Seinare vart desse rettigheitene overført til eit interesseselskap med Peter S. Brandal, Trygve Klausen, Michael Knutsen og Trygve Jervell som den 14. desember 1916 saman danna aksjeselskapet Kings Bay Kul Comp. A/S. I første halvdel av 1920-talet endra byen namnet til Ny-Ålesund.

Peter S. Brandal og Michael Knutsen var sikker på at Kings Bay ville tene landet ein gong i framtida og ofra mykje for å halde selskapet i live. Og dei fekk jo rett til slutt, i dag er Kings Bay i Ny-Ålesund ein verdskjend og viktig forskings-by med  14  forskingsinstitusjonar frå 10 ulike land.

Vi gratulerer Kings Bay AS med jubileet.