50 år sidan «Sjannøy» sin rekordtur i Vesterisen.

30.mars er det 50 år sidan «Sjannøy» kom heim frå Vesterisen, fullasta etter berre 8 dagars fangsting.

Av Johannes Alme – Prosjektleiar Ishavsmuseet Aarvak.

Etter andre verdskrig gjekk ishavsskipper Oskar Garnes (Ulstein kommune) saman med familie og grannar og fekk bygd ishavsskuta «Sjannøy» på Lindstøl Skips- og Båtbyggeri i Risør. Skuta hadde desse måla: Lpp 30,7 m, Bst 4,31 m Dir 3,555 m. Motoren var ein Crossley på 500 hk. Fleire har framheva «Sjannøy» som den ideelle skuta i Vesterisen. Sterkbygd, snerta å ta seg fram, og lett å skrue opp når isen sette saman.

Driftsgrunnlaget første åra var selfangst og sildefiske, torskefisket ved Vest-Grønland og ekspedisjonsturar til Grønland. I førstninga var Oskar Garnes skipper, sidan Jon Hamar, før son til Oskar, Ole Garnes tek over.

I 1965 får skuta montert kraftblokk, ei Rappblokk, og i 1967 fekk skuta ny motor, ein Wichmann på 750 hk. Samstundes får skuta vripropellanlegg. I 1969 vert gangane bygde att.

1970 er siste året med fri fangst i Vesterisen.

Utdrag frå «ARSBERETNING VEDKOMMENDE NORGES FISKERIER 1970 NR. 10 SELFANGSTEN 1970»

I 1970 deltok i alt 19 fartøyer i fangsten i Vestisen, 2 færre enn i 1969. Fartøyene var på gjennomsnittlig 156 bruttotonn. Den totale besetning var 290 mann, gjennomsnittlig 15 mann pr. fartøy. Turene varte gjennomsnittlig 41 døgn. Samlet fangst i Vestisen var 55 806 dyr. Gjennomsnittsfangsten pr. fartøy ble 2 937 dyr. Av totalfangsten utgjorde grønlandssel 18 096 dyr, herav 16 346 unger og l 750 eldre dyr. Den prosentvise fordeling på unger og eldre dyr var henholdsvis ca. 90 og 10. Av klappmyss ble det fanget 37 709 dyr, herav 25 208 blueback og 12 501 eldre dyr. Den prosentvise fordeling på blueback og eldre dyr var henholdsvis 67 og 33. Av samlet fangst i Vestisen på til sammen 55 805 dyr, utgjorde fangsten av grønlandssel 32,4% og fangsten av klappmyss 67,6 % . Den totale innklareringsverdi utgjorde kr. 10 777 000, gjennomsnittlig kr. 567 200 pr. fartøy. Det økonomiske utbytte ble meget tilfredsstillende, ikke minst takket være gjennomgående gode priser på skinnprodukter og spekk i 1970. For sammenlikningens skyld kan nevnes at i de relativt gode fangstår 1964-67 lå gjennomsnittlig innklareringsverdi pr. fartøy på kr. 354 280. Som hjelpeskip i Vestisen ble i likhet med i 1969 benyttet bjergningsbåt «Salvator».

«Sjannøy» dreiv kraftblokkfiske fram til klargjering for Ishavet. Som vanleg var det kort tid frå avslutta fiskeri til å få nota i land og ta om bord laustankane, bunkre og proviantere. Alt utstyret sto klart på Garnes, der Oskar Garnes hadde oversikt og full kontroll, ein streng, rettskaffen og omsorgsfull mann. Iskarta syner gode isforhold, og prisane er spådd å vere gode.

Fangststart er 20. mars, dei er framme ved iskanten eit par dagar før. Desse dagane brukar skipper Ole Garnes til å leite etter kastet til klappmyssen, medan det røynde mannskapet riggar skuta klar til fangst, skyt inn geværa og elles kjenne fangstiveren stige etter kvart som dei ser mørke prikkar på isen. Dei er ikkje aleine skute, der er fleire andre skuter i same området. Skipper Ole går «Sjannøy»  rett inn i eit området med mykje klappmyss. Det er full fangst frå første dag, dei fangar familiar, ikkje berre bluebacken. Det vert lange dagar, første dagen fangstar dei meir enn 1000 dyr, dei held på i 24 timar, og det er morgon før karane får seg to-tre timar på køya. Slik held dei fram med lange og gode fangstdagar. Karane får berre 2-3 timars søvn per natt, så det vert tyngre og tyngre å få liv i dei. Ein morgon kjem førsteskyttar Hilmar Vilnes med ei flaske konjakk og eit lite eggeglas når han purrar. Kvar mann får ein ørliten dram, så pass det riv i halsen og auga går opp.

Skinna vert kjølt godt av på dekket før dei vert platta ned. Sidan skuta gjekk seg rett inn i storfangst, får dei ganske raskt problem med å få plass til fangsten. Dei fleste laustankane i lasterommet er framleis fulle med brennolje. Dei toppar opp alle andre tankar, likevel er det for mykje. Ole Garnes er i radioen og spør om nokon andre skuter treng olje. Det er tidleg i sesongen og alle har rikeleg med olje enda. Problemet vert løyst, som ikkje var uvanleg den tida om slike problem oppstod, oljen vert pumpa på havet på nattetid. Det er ein god del kubikk som vert pumpa over bord, men ingen ser noko att av den lette oljen.

Fangstforholda held seg gode til torsdag 26.mars, skjærtorsdag, då er det kuling frå nord, med storm i kasta. Dei klarer likevel fangste litt, og dagen etter er skuta fullasta. Det er ikkje plass til alle skinna på tankane eller i lausfangstrommet, så 2-300 bluebackskinn vert plassert bake i gangen. Dei sluttar av fangsten, riggar ned fangstutstyret og sig ut gjennom isen. I timar medan dei går utover ser dei tusenvis av blueback på isen. Ole seier han aldri har sett noko liknande, korkje før eller sidan.

Det har vore strie døgn, med stor aktivitet, og lite søvn, så no får karane sove ut. Dei har inne meir enn 3300 feite blueback og vaksne klappmyss, så «Sjannøy» ligg tungt i sjøen. Spekkmenga syner seg etter levering å vere 104 tonn. Aktre del av dekket er under vatn både når dei går frå isen og når dei kjem til lands. Det gode er at det er stille og flatt hav, så fangstrestar og blod som er på fremste del av dekket, må spylast på havet før dei går til kai. Selfangarane kvitterer med å seie at hadde dei visst dei fekk ei så fin oversegling, skulla dei hatt 300 skinn til i gangane!

Påska er tidleg i 1970, dei kjem heim andre påskedag, 30. mars. Når skuta kjem til Garnes, står familie og vennar og tek mot dei på kaia.

Det perfekte tidspunktet for å fange blueback og klappmyss, dyktige og ærekjære fangstfolk og ein rask tur, gjer at fangsten vert karakterisert som eksepsjonell fin. Elling Aarseth kjøper fangsten, meir enn 3300 skinn, han seier han aldri har sett ein så jamn fangst med så god kvalitet. Dette kjem både skute og mannskap til gode. Mannskapslotten vert på heile 18 000 kroner.

Reiarlaget kostar ein god del på «Sjannøy» etter turen. Skuta går til Myklebust Mek. i Gursken og det vart lagt nytt galgedekk i stål. Det vert ny kraftblokk – Triplex not-vinsj, og ny not-binge ned på hekken. Elles vart det laga ny innreiing bak, ny messe, bysse og vaskerom med dusj samt ein ny lugar.

Også i 1971, 72  og 74  var «Sjannøy» første skute heim frå Vesterisen. Då var det kvoter, og det økonomiske resultatet vert mindre. (1973 fiska «Sjannøy» lodde, og var ikkje på fangst)

I 1974 bygde reiarlaget ny stor snurpar. Ishavsskuta vart seld til Paul Stark, Tromsø og vart døypt om til «Polarfangst». Han gjorde gode ishavsturar med skuta. Utanom vart skuta brukt til frakt til ute-stasjonane, andre fraktoppdrag og bruksvakthold. «Polarfangst» forliste for 40 år sidan, 16. april 1980, i Vesterisen.

Mannskap på turen:

Ole Garnes, Skipper, Hilmar Vilnes, 1.skyttar, Ingvald Johannessen, 2.skyttar, Arvid Bøe, Maskinist, Arne Haddal, Maskinassistent, Kåre Haddal, Stuert, Oddbjørn Leithe, Messegut. Fangstfolk: Frode Vilnes, Karl Johan Djupvik, Knut Johan Mikkalsen, Hans Slettmo, Jonas Sande, Håkon Håndlykken, Laurits Garen og Mads Sølsnes

Referansar

Ole Garnes – samtale 21.01.2020, samt diverse samtaler i Vesterisen 1992

Karl Johan Djuvik – samtale 26.03.2020

Frode Vilnes – samtale 26.03.2020

Kåre Haddal – samtale 26.03.2020

Boka «Is, skuter og folk, Isflaket 10 år»